Innlegg

– Vi kan ikkje leve med ein veg der asfalten smuldrar opp

Fylkesveg 618 mellom Almenningsfjellet og Eide i Moldefjorden.   Foto: SKJERMDUMP GOOGLE MAPS

Meiningar

Fylkesveg 618 mellom Almenningsfjellet og Eide i Moldefjorden har fleire manglar som gjer at vi med rette kan kalle vegen ei skam for for oss som bur her. Denne vegstrekninga er ein klar kandidat for “Landets verste veg”.

Det har tidlegare vert eit sterkt fokus på rassikring i Sørpollen, og vi forventar rask avklaring på kor tid rassikring vert etablert.

Det vi vil sette særleg søkjelys på i dette oppropet, er krav om:

1. Punktvise utbetringar av farlege parti på vegstrekninga mellom Almenningsfjellet i Kinn kommune og Eide, Moldefjorden i Stad kommune.

2. Ny asfalt og utbetring av dårleg vegskulder, då særleg frå Flatraket til Salt i Stad kommune.

Vi kan ikkje leve med ein veg der asfalten smuldrar opp, store slagholer i vegen, vegskulder som gjev etter og store setningar som ikkje vert reparerte (eksempelvis nær masseuttaket i Naveneset og ved Vengen).

Så dårleg vegstandard som fv. 618 har, så går det ut over bilane våre, og vi er mange som får ekstra kostnader med reparasjon pga dette. Dette er ikkje akseptabelt.

Vi krev at denne vegstrekninga no vert prioritert.

Oppropet er sendt til:

Vestland fylkeskommune v/Hovudutval for samferdsel og mobilitet

Vestland fylkeskommune v/sams vegadministrasjon

Stad kommune v/ordførar Alfred Bjørlo

Kinn kommune v/Ordførar Ola Teigen