Innlegg

Stad Skipstunnel: Den perfekte stormen

Dette er vår store sjanse til å starte ei ny tid for kystsamfunna på Vestlandet. Den må vi gripe – ein skipstunnel kjem berre éin gong i livet, skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Stad.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Tysdag 11. mai 2021 kjem til å gå inn i historiebøkene. Stortinget vedtok mot éi røyst byggestart for Stad Skipstunnel – verdas første skipstunnel, som gjev trygg passasje forbi det livsfarlege Stadhavet.

Dermed blir ein snart 150 år gammal idé, lansert i Nordre Bergenhus Amtstidende i Florø 11. september 1874, røyndom. Og ein kontinuerleg politisk kamp sidan 1980-talet er krona med siger.

Samtidig har «timinga» for Stad Skipstunnel aldri vore betre. Vi er inne i ein teknologisk revolusjon til sjøs som vil gje oss raskare, sikrare, meir fleksible og 100% miljø- og klimavenlege båtar - drivne av batteri, hydrogen eller andre reine drivstoff. Samtidig er skepsisen til nye, store vegutbyggingar aukande, fordi ny vegbygging går ut over landbruksjord, klimabevarande myr og anna sårbar natur.

Og som om ikkje det skulle vere nok: Den storstilte klimaomstillinga næringslivet no skal gjennom, vil gje vekst og skape auka transportbehov i næringane som har mest bruk for Stad Skipstunnel: Fiskeri, havbruk, reiseliv og andre grøne næringar.

Kort sagt: Å byggje Stad Skipstunnel no, er «den perfekte stormen»! Det er å opne vindauget til ei grøn framtid til sjøs – akkurat når den framtida er i sikte.

Eg er trygg på at Kystverket kjem til å gjennomføre sjølve byggeprosjektet på ein framifrå måte – i godt samarbeid med Stad som vertskommune og våre nabokommuner Kinn og Vanylven. Samtidig må statlege fagetatar og fylkeskommunen no samarbeide med oss slik at vi får brukt dei enorme mengdene tunnelmasse på ein samfunnstenleg og berekraftig måte, og slepp dumping i djupvassdeponi.

Men den store jobben no – som IKKJE kjem av seg sjølv – er å legge til rette for at ringverknadene av Stad Skipstunnel etter opninga i 2026 blir størst mogleg for Vestlandet og Noreg elles. Vi må få opp hurtiggåande passasjerruter mellom Bergen og Ålesund. Vi må få på plass faste og raske godsruter til sjøs heilt frå Helgeland og Trøndelag ned til Sørvestlandet – og vidare ned til kontinentet. Vi må utnytte potensialet Stad Skipstunnel skaper for reiselivet – og for å skape ein ny, samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Florø og Ålesund.

For å ta eitt døme: Stad kommune får no eit universitet (NTNU) og ein internasjonal flyplass ein dryg times båtreise unna. Det opnar perspektiv for Stad, Nordfjord og «eit større Vestland» som det hastar med å utvikle.

Stad, Kinn og Vanylven kommune vil no utfordre Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar og andre gode krefter på Vestlandet til at vi raskast råd startar eit samla, langsiktig regionalt utviklingsprogram for å sikre størst mogleg verdiskaping og ringverknader for samfunns- og næringsutvikling knytt til Stad Skipstunnel. Dette er vår store sjanse til å starte ei ny tid for kystsamfunna på Vestlandet. Den må vi gripe – ein skipstunnel kjem berre éin gong i livet.