Innlegg

Ordførarar og varaordførarar: Ber om opning av breiddefotball

Vi er bekymra for konsekvensane langvarige stopp i aktivitet kan ha spesielt for unge. Vi meiner vidare at tiltaka ikkje står i forhold til effekten, særleg i område med liten eller ingen smitte som i gamle Sogn og Fjordane, skriv ordførarar og varaordførarar i ormådet til Sogn og Fjordane Fotballkrets.  Foto: OLIN MARIA YRI

Meiningar

Vi ordførarar og varaordførarar som har skrive under i området til Sogn og Fjordane Fotballkrets stiller oss bak oppmodinga frå Norges Fotballforbund (NFF) og Norges Idrettsforbund (NIF) til nasjonale myndigheiter om å opne opp for breiddefotball i større grad og raskare enn den planen som føreligg pr no.

Vi er bekymra for konsekvensane langvarige stopp i aktivitet kan ha spesielt for unge. Vi meiner vidare at tiltaka ikkje står i forhold til effekten, særleg i område med liten eller ingen smitte som i gamle Sogn og Fjordane.
Vi viser til at NIF og NFF har lagt ned eit omfattande og seriøst arbeid for å kunne opne breiddefotballen innanfor trygge rammer og med gode protokollar. Dette arbeidet meiner vi må verdsettast av nasjonale myndigheiter.

50.000 jenter og gutar i alderen frå 15 år og oppover har ikkje hatt moglegheita til å spele fotball sidan mars 2020. I distrikts-Norge har gjerne ikkje klubbane lag i dei eldste aldersbestemte klassane. Det inneber at det er langt fleire enn dei over 20 år som vert ramma. Hovudtyngda er ungdom og unge vaksne i alderen 15-30 år.
For fotballaktiviteten og rekrutteringa har dette alvorlege konsekvensar.

Vi vil også vise til Danmark, Sverige og England som alle har vurdert dette på same måte som vi ønskjer at våre helsemyndigheiter skal gjere:
«Ein skal halde 1 meter avstand i alle samanhengar, med unntak av den nærkontakt som er ein naturleg del av idrettsutøvinga.»
Alle våre naboland vurderer dette som fullt ut forsvarleg.

Vi underskrivne ordførarar og varaordførarar vil understreke at fotballen er den einaste aktiviteten som vert utøvd av barn, ungdom og vaksne i kvar einaste kommune i heile Norge.
I kvar einaste bygd og kvar einaste bydel er det fotballaktivitet.
Difor betyr fotballen svært mykje for svært mange, og difor er det avgjerande viktig at alle fotballspelarar snarast mogleg får komme i gang med aktiviteten sin.

Nokre av dei viktigaste lettelsane som vi meiner må på plass så raskt som mogleg er:

• Barn og unge under 20 år kan delta på arrangement både innandørs og utandørs på tvers av kommunegrensene.

• Vaksne i utandørs kontaktidrettar vert gitt unntak frå regelen om minst ein meters avstand der dette er nødvendig for å utøve aktiviteten (vil bety at breiddefotball for vaksne kan tillatast)

• Antalsbegrensninga for organisert trening innandørs for vaksne bør aukast til 20 personar så lenge dei kan halde minst ein meters avstand. Vidare må det tydeleggjerast at det er mogleg for fleire grupper á 10/20 personar å opphalde seg på same treningsareal samstundes, jf. Smittervernrettleiar for idrett.

• For både barn/unge og vaksne bør korleis idrettslag ein høyrer til vere avgjerande for aktivitet, ikkje kva kommune ein høyrer til. Reglar og anbefalingar som avgrensar aktivitet til kommunen, bør endrast til idrettslaget, sidan mange er medlem av eit idrettslag i ein annan kommune.

Vi viser til brevet frå Norges Idrettsforbund:

https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2021/brev-til-statsministeren-vedrorende-idrettens-behov-for-gjenapning/

Vi legg også ved link til Olsvik-utvalet sin rapport:

https://www.fotball.no/tema/nff-nyheter/2021/apning-av-breddefotballen-er-forsvarlig/