Innlegg

«Her skjer det «noko». Her vil/kan eg bu»

Ganske enkelt forklart er draumen vår at vi har ei svært godt, etablert, nyskapande og positivt næringsliv i regionen, skriv Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro AS.   Foto: Øystein Torheim

Meiningar

Vi i Inviro ønskjer å være med på å utvikle Nordfjord, men kvifor ønskjer vi det, og kva er det vi skal utvikle? Var ikkje alt betre før, og er ikkje det skummelt med forandring? Det er mykje som har skjedd i Nordfjord dei siste 10-15 åra. Det er mykje som har forandra seg. Kanskje ikkje alltid til det betre. Men forandring skapar «noko». Og det er dette «noko» vi er opptekne av. Dette «noko» har bidrege til at berre dei siste tre åra er det 16 vaksne og 15 born i min nære omgangskrins som har valt å flytte frå «storbyane» til Nordfjord. Dette inkluderer også meg og min familie. Dei fleste av oss har budd andre stadar enn i Nordfjord i 15+ år. Så ja, kanskje var mykje betre før, men der er tydelegvis svært mykje som er godt no òg.

Eg skriv at vi i Inviro ønskjer å bidra til utvikling. Det er det eg ønskjer å fortelje litt om i dag. I botn og grunn handlar dette om eit val som ungdom og yngre vaksne på eit tidspunkt må ta eit standpunkt til. Og at dette valet som du og eg tek/har tatt, påverkar heile lokalsamfunnet som vi er ein del av. Vi snakkar om urbanisering mot storbyane, at fire av fem som flyttar ut ikkje kjem tilbake. Effektane av dette er enorme. Manglande arbeidskraft, manglande kompetanse, fallande utvikling, mindre innovasjon, fråflytting, aldrande lokalbefolkning, dårlegare kommuneøkonomi osv.. Det er ein negativ spiral som svært mange distriktskommunar opplever. Utfordringa for mange av kommunane er at det skjer over så lang tid at ein ikkje legg merke til det før det er for seint. I Nordfjord vil eg sei at generelt sett har vi vore oppmerksame, og det er mange som jobbar hardt for å fortsette den gode trenden.

Men, om ein då går langt inn i materien av det både vi i Inviro, samt stort sett alle andre bedrifter, kommunar og lokalsamfunn i Nordfjord på eit grunnleggande nivå arbeider med, er faktisk jobben vår å legge til rette for at det blir eit aktivt val ein må ta. Det eg meina med det, er at for meg når eg var 18 år, var ikkje det eit val. Valet for meg var at «her er det ikkje noko for meg. Eg må flytte for å realisere det eg drøymer om». Det som krevst av oss som lokalsamfunn er at vi legg så godt til rette for utdanning, utvikling, innovasjon og moglegheiter at det må være eit fysisk val som må bli tatt av ungdom og yngre vaksne. – Eg kan bli buande då det er lagt til rette for at eg ikkje treng å flytte vekk. Om vi kjem dit at det er eit faktisk val som må takast av den personen, då meina eg vi er komne eit godt stykke på veg. Om valet blir at ein gler seg over å kunne bli buande i Nordfjord, eller motsett at ein ønskjer å flytte til Nordfjord, då løysast ein del av utfordringane som nemnd innleiingsvis.

Vi seier ikkje at alle som veks opp i Nordfjord skal bli buande her for alltid. Det er fantastisk å «flytte ut»; oppleve nye ting, få erfaringar, få kompetanse, lære av utfordringar m.m.. Men, og her kjem eit stort MEN. Det må være eit tilbod dersom du ønskjer å kome tilbake, på akkurat same måte som det må være eit tilbod dersom du ønskjer å bli. Og kva tilbod er det her snakk om? Utdanning? Relevant arbeid? Spennande arbeidsplassar? Innovative arbeidsplassar? Framoverlente kommunar? Urbane lokalsamfunn? Fritidstilbod? Tomter? Barnehage? Infrastruktur? Sjukehus? Ja, takk!

Men, kvifor jaktar vi på utvikling? Kvifor er vi i Inviro så opptekne av utvikling? Og kva er draumen vår? Vi har jo ikkje sagt det endå anna enn at det er «utvikling». Ganske enkelt forklart er draumen vår at vi har ei svært godt, etablert, nyskapande og positivt næringsliv i regionen. At det er mogleg å utdanne seg der ein bur både på heiltid og deltid samt at via lokal utvikling og nyskaping er det interessant, relevant og realistisk å bu/flytte i/til Nordfjord. Krev dette utvikling og endring? Ja. Kvifor? Fordi då skjer det «noko».

Så blir spørsmålet korleis skal vi få til dette? Eit svært godt spørsmål eg stiller meg sjølv der. Men svaret er ikkje så veldig vanskeleg. Vi treng samarbeid. Vi treng engasjement. Vi treng støtte. Vi treng pionerar. Vi treng pengar. Har vi desse fem elementa, skal dette gå bra. Vi er komne eit stykke på veg. Campus Nordfjord er under planlegging. «Nordfjord labben» er under utvikling. Smarthuset står klart innan 2022. Du kan utdanne deg på deltid, lokalt i Nordfjord både på fagskule- og høgskulenivå. Vi har svært gode vidaregåande skular. Vi har framoverlente næringslivsorganisasjonar. Vi har NordfjordAkademiet som blant anna skal bidra til rekruttering til regionen vår. Vi har Super-Lærlingar som bidreg til framtidas Nordfjord. Næringslivet er positive, har god vekst, er innovative og kan tilby interessante og relevante arbeidsplassar og vi har sterke lokale kommunar som ser framover og er utviklingsorienterte både for sine respektive kommunar, og samstundes for Nordfjord som heilskap. Men, og der kjem som regel eit «men», vi har heldigvis framleis eit stort potensial, og vi treng meir arbeidskraft. Det er eit godt utgangspunkt.

Dette utgangspunktet er med på å bygge opp under «noko». Noko som gjer at vi gler oss til å gå på arbeid, då arbeidet vi gjer, kanskje kan gjere at nokon andre også tenkjer: «her skjer det «noko». Her vil/kan eg bu».