Meiningar

SV støttar bondeopprøret!

Hege Lothe og SV støttar bondeopprøret.  Foto: Pressefoto/Katrine Haugerøy Heggelund

Meiningar

SV gjev bøndene full støtte. Unge bønder treng ei framtid å tru på og ei inntekt til å leve av. Dei arbeider meir enn dei fleste for ei timeløn som dei færraste av oss hadde vore nøgd med. Mange må ta høg gjeld for å sikre seg utstyr og bygningar. Samtidig står dei overfor krav om stadig billegare mat. Det er all grunn til å vere uroa for om unge folk ikkje tørr å satse med dagens vilkår i bondeyrket.

Den sterke sentraliseringa av landbruket, der eigedom og inntekter blir fordelt på stadig færre hender, må snu. Dei siste åra har fjerning av produksjonstak fått marknaden i ubalanse, og pressar mindre bruk ut av næringa.

Kravet er å løfte inntektsnivået til alle bønder, samtidig som ein prioriterer små og mellomstore bruk. SV meiner at dette eit ekstra viktig krav for bygdene i Sogn og Fjordane.

Gjennom å ta aktiv styring over dei statlege verkemidla, og vri dei i rett retning, kan vi få til ein storstilt snuoperasjon for å oppnå dei måla som ligg i landbruket sitt samfunnsoppdrag: Auka sjølvforsyning, sunn og kortreist mat, berekraftig og miljøvenleg matproduksjon, god dyrevelferd, fleire bønder med ei inntekt å leve av, spreidd busetjing i livskraftige bygder – kort og godt eit Noreg i bruk.

SV har lange tradisjonar for ein aktiv og rettferdig landbrukspolitikk. I 1975 stod SVs Berge Furre i spissen for eit vedtak i Stortinget som sa at inntektene for eit vanleg årsverk i jordbruket skulle lyftast opp på nivå med industrien. Dette vedtaket vart heilt avgjerande for optimismen og investeringslysta i jordbruket for nær 50 år sidan. No treng bøndene våre eit tilsvarande løft. SV gjev bondeopprøret full støtte!