Meiningar

Svært skuffa over Nasjonal Transportplan

- Riksveg 15 Strynefjellet er heller ikkje denne gang funnen verdig for oppstart. Det er knapt så vi kan tru det, meiner Norges Lastebileier-Forbund Sogn & Fjordane.

Grasdalen rv 15 Strynefjellsvegen.  Foto: webkamera Statens vegvesen

Meiningar

Norges Lastebileier-Forbund Sogn & Fjordane avholdt sitt årsmøte den 20. mars 2021, og vedtok følgande uttale til Nasjonal Transprotplan 2022-2033:

Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2033 ble fremlagt i mars. Det er mange svært gode nyheiter for Sogn og Fjordane i den. Det er vi glade for. I den anledning vil vi takke enkeltmedlemmer, og politikarar som har stått på for å få med viktige prosjekt. Vi vil likevel uttrykke vår store skuffelse når vi registrerer at særdeles viktige vegprosjekt ikkje har blitt med i NTP for komande periodar.

Riksveg 15 Strynefjellet

Riksveg 15 Strynefjellet er heller ikkje denne gang funnen verdig for oppstart. Det er knapt så vi kan tru det! Her har den sitjande regjeringa skuffa stort. Når vi veit det er regjeringsmedlemmar frå denne regionen som er vel kjent med utfordringane næringslivet har med denne vegen, er det utruleg at den er heilt utelat frå NTP.

Når budsjettforliket skulle vedtakast sist haust, fekk store prosjekt milliardbeløp til oppstart, sjølv om prosjekta i utgangspunktet ikkje var foreslått i budsjettet. Dette takka være stor makt frå parti i opposisjon. Det viser seg at når sterke lobbyistar med finansielle musklar legg tyngde til sine krav, så får dei gjennomslag.

Vi ber no om at våre politikarar forstår kor viktig Rv 15 Strynefjellet er for regionen vår. Om ikkje dette anlegget blir finansiert når NTP skal behandlast, er vi redd for at det vil få alvorlege konsekvensar.

Problema på denne vegen med lange smale tunnelar er 365 dagar i året, ikkje berre i storm og ruskever. Vi kan ikkje risikere dette lengre, med fare for menneskeliv og store kostnadar. Konsekvensen kan bli at vegen blir stengt på grunn av manglande sikkerheit for trafikantane.

E39 Vadheim

Det er heller ikkje lagt inn midlar for strekninga forbi Vadheim på E 39.

Skal E 39 få ein samanhengande vegstandard etter dagens krav, må denne strekninga prioriterast. Dette vil bidra til ein betre framkommelighet på transportvegen E39, alle deler av året. Denne parsellen var lagt inn i siste periode i den forrige nasjonale transportplanen, men er no heilt ute.

Fylkesvegar

Det er elles gledeleg å sjå at midlane til våre Fylkesvegar blir auka, og tatt med i statlege overføringar til fylka. Vi håper at desse midlane blir prioritert til opprusting av viktige sambindingsvegar, som for eksempel delar avstrekninga frå Leikanger til Vadheim.

Andre viktige vegprosjekt

Andre viktige prosjekt som vi har venta på er dessverre heller ikkje nemnt.

Vikafjellet på Rv 13 er eit av dei, til vår store skuffelse.

No må vi sette vår lit til at dette blir retta opp av ein sterk opposisjon på Stortinget.

Norges Lastebileier-Forbund har i lang tid bedt om gode trygge vegar mellom fjordane, før gigantprosjekt blir finansiert. Det viser seg at dette berre delvis blir tatt til følge. Svært store dyre prosjekt er med i den nye planen,mens dei som lett kunne finansierast opp, ikkje er tatt med.

Når nasjonal transportplan skal behandlast i Stortinget, er vårt håp at våre representantar til regjering og Storting, tar med seg dette inn i forhandlingane.

NLF kjem til å være tett på kandidatar for alle dei politiske partia til det kommande stortingsvalet til hausten.