Meiningar

Positivt initiativ i nye tider

Illustrasjonsfoto.  Foto: Anna Wuttudal

Meiningar

I Fjordabladet 13.4. 21 oppmodar Human-Etisk Forbund kommuneleiinga i Stad om å ta initiativ til eit vedtak i kommunestyret der ein ber om å overta ansvaret for gravplassforvaltninga. Det er eit rosverdig og sakleg initiativ, då det ikkje lenger er lovfesta i Gravplasslova at berre at Kyrkjeleg Fellesråd kan ha denne oppgåva, sidan gravplassane ikkje berre er for dei som er medlemmer i Den Norske Kyrkje.

Det er elles kanskje naturleg at dei kyrkjelege fellesråda gjerne vil halde på sitt gravferdsmynde som trussamfunn. Det kan dei og gjere vidare. Men i eit multikulturelt samfunn der berre om lag halvparten av folket er truande eller trur på Gud, i høve spørjeundersøkingar, er dette ei sak som vil presse seg fram, nettopp med tanke på likebehandling av livssyn frå det offentlege si side. Dette handlar ikkje om at fellesrådet gjer ein god jobb eller ikkje.

Gravplassforvaltninga må difor vere ein likså naturleg kommunal oppgåve som noko anna. Den er dessutan alt kommunalt finansiert. Ei slik likebehandling vil ikkje kunne skape problem for dei som nyttar kyrkja til sine seremoniar.

Tida er for lengst moden for det, i eit stadig meir sekularisert samfunn der kyrkja si makt og rolle stadig betyr mindre for folk flest. Dette er ein realitet som, om ikkje fellesråda ser det, kommuneleiinga bør sjå og ta initiativ til å endre rundt om i landet.

Det er elles på sin plass å rose Stad kommune for arbeidet som er gjort med å til by t.d. livssynshumanistar eigne seremonilokale og ikkje berre medlemmene i kyrkja. Ei oversikt syner at der det er kyrkjer dei kristne kan nytte til sine seremoniar, er det og gitt tilbod om seremonilokale andre kan bruke, betalt av kommunen. Det er eit framifrå døme på likebehandling, noko som i alle fall ein nabokommune bør sjå i retning av.