Innlegg

Meir nynorsk for barn og ungdom

Vi treng eit løft for den nynorske barne- og ungdomskulturen.

Nynorskbrukande barn og unge for sjeldan bruke hovudmålet sitt når dei spelar dataspel, når dei blar på TikTok eller når dei drar på kino. Dei mest populære bøkene er som oftast på bokmål, det er færre teikneseriar på nynorsk og utanfor NRK er det sjeldan ein møter nynorsk på TV, skriv Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.   Foto: Jannica Luoto

Meiningar

For mange barn og unge lever mesteparten av fritida si på bokmål eller på engelsk. Nynorskbrukande barn og unge for sjeldan bruke hovudmålet sitt når dei spelar dataspel, når dei blar på TikTok eller når dei drar på kino. Dei mest populære bøkene er som oftast på bokmål, det er færre teikneseriar på nynorsk og utanfor NRK er det sjeldan ein møter nynorsk på TV. Det er heilt grunnleggande at barn og unge skal ha tilgang på kulturtilbod på språka sine. Det er viktige både for den enkelte og for å styrke og utvikle språka våre.

Den nye språklova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, og at nynorsk sin mindretalsposisjon gjer at det trengst spesifikke tiltak for å fremje språket. Det gjeld også på kulturfeltet. Vi er glade for at regjeringa vurderer stoda for mindretalsspråka i barne- og ungdomskulturmeldinga si, Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Alt for ofte har vi sett at nynorsken blir gløymd i utgreiingar som dette, men den nye språklova gjer det umogleg for dei ulike departementa ikkje å hugse på nynorsken. Denne stortingsmeldinga er eit døme på korleis det skal gjerast i framtida.

Kvart år byrjar mellom 7 000 og 8 000 elevar med nynorsk som førstespråk i norsk grunnskule. Det er det fjerde største mindretalsspråket i skulen i Europa etter katalansk i Spania og fransk i Belgia og Sveits. For at denne stoda skal halde fram, må desse barna og unge ha høve til å oppleve, skape og dele kultur på sitt eige skriftspråk. Nynorsk kultur må vere ein naturleg og sentral del av barne- og ungdomskulturtilbodet i Noreg.

Vi treng meir nynorsk litteratur, nynorskansvar i folkebiblioteka, gode rammevilkår for nynorskinstitusjonane, meir nynorsk i medium med levande bilete, krav om nynorsk tekst ved offentleg støtte, og permanent nynorsksatsing i Den kulturelle skulesekken for å nemne nokre særlege tiltak for nynorsk. Berre slik kan styresmaktene følgje opp sine eigne ambisjonar for nynorsken.