Meiningar:

Framtidsfylket Sogn og Fjordane

Fylkesleiar i SF SUL Sander Solheim vedlagt.  Foto: ragne Borge Lysaker

Meiningar

Fylkesårsmøtet Sogn og Fjordane Senterungdom har kome med følgjande fråsegn:

Sogn og Fjordane Senterungdom trur på Sogn og Fjordane. Etter snart åtte år med Høgre si sentraliseringsregjering, fortener heimstadane våre ein ny politisk retning. Senterungdomen seier nei til tvangsamanslåingar og sentralisering. Senterungdomen seier ja til Sogn og Fjordane som eige fylke, trygge lokalsamfunn og ei satsing på ungdom. Dette er viktige prioriteringar for oss i valåret 2021.


Ja til Sogn og Fjordane

1.januar 2020 blei Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland fylke. Prosessen gjekk fort, og Høgre-regjeringa tok seg ikkje tid til demokratisk forankring. Lovnadane om nye oppgåver og meir midlar har ikkje vorte innfridd. Resultatet av samanslåinga er lenger avstandar. Senterungdomen meiner at innbyggarane i Sogn og Fjordane skal få avgjere kva fylke dei ønsker å bu i.


Senterungdomen vil:

- Halde folkerøysting om vi skal gjenopprette Sogn og Fjordane som eige fylke eller vidareføre Vestland fylke.


Trygg i heile fylket

Nære tenester, god beredskap og infrastruktur som fungerer er avgjerande for at folk skal kunne busetje seg der dei vil. Tid og lokalkunnskap er livsviktige faktorar for å avverge kriser, sløkkje brannar og redde liv. Vi vil legge til rette for gode og trygge lokalsamfunn i heile Sogn og Fjordane.


Senterungdomen vil:

- Organisere ambulansar, politi og brannvesen slik at dei innfrir krav til responstid i heile landet.

- Legge til rette for eit levande landbruk som bidreg til meir matproduksjon og størst mogleg ressursutnytting.

- Bygge ut rask breiband og god mobildekning i både bygd og by.


Ei god ungdomstid

Å satse på ungdom er å investere i ei betre framtid. Dagens ungdom er framtidas lærarar, snekkarar og foreldre. Psykisk helse blant unge er eit tema som fortener meir merksemd. Vi vil legge til rette for ei god ungdomstid det langstrekte fylket vårt. Vi vil at ingen skal trenge å bekymre seg for at vidaregåande blir for dyrt, eller at dei må velje mellom lappen og vitnemålet.


Senterungdomen vil:

- Alle i alderen 12-19 år skal få tilbod om å ha ei årleg samtale med helsesjukepleiar, skulepsykolog eller nokon med tilsvarande kompetanse.

- Utstyrsstipendet til ulike vidaregåande linjer, og bortebuarstipendet skal samsvare med reelle kostnadar for elevane.

- Obligatorisk trafikkopplæring, teoriprøve og oppkøyring skal vere godkjent fråvær i vidaregåande.