Lesarinnlegg

Nei til oppdrettsanlegg i Eidsfjorden

Vi må bry oss om naturen - både den vi ser, og den vi ikkje ser, meiner Ragnhild Sunde Stokke, student ved NMBU.

Eidsfjorden utan oppdrettsanlegg.  Foto: Tore Reimers/privat

Meiningar

Mange av oss har sett naturprogram frå korallrev i Australia. Her sym klovnefiskar, sepiidaer, blekksprutar og anna rundt korallane i vatn som glinsar i sola. Det ser herleg og idyllisk ut, og ein får lyst til å sette seg på flyet til Australia for å oppleve dette sjølv.

Dei færraste av oss har sett botnen på ein norsk fjord. Men eg trur at dersom vi hadde gjort det ville vi blitt overraska, i både positiv og negativ forstand. I dei norske fjordane finn vi torsk, makrell, hyse, pigghå, bergnebb, knurr, vanleg fløyfisk, rognkjeks, hvitting, brosme, raudspette, svartkutling, blåstål, lomre, hjertemusling, blæretang, håkjerring, krabber, blåskjell osb. Om eg skulle ramsa opp alle artane ville det nok tatt heile denne avissida, og sannsynlegvis meir også. Dette er ikkje fargerike fiskar eller artar – men eg syns dei er fine, og dei er verdt å ta vare på!

Oppdrettsanlegga truar artane i dei norske fjordane, mellom anna ved at maten fiskane får inneheld kjemikaliar som skal ta knekken på lakselus. Å bekjempe lakselus høyrest jo bra ut, problemet er berre at kjemikaliet også tek knekken på andre krepsdyr enn lakselusa. Eg trur grunnen til at vi let oppdrettsnæringa halde på som ho gjer er kunnskapsmangel hos oss. Vi veit ikkje nok om kva som lever og skjer der nede i fjordane, dette gjer at mange ikkje bryr seg når det poppar opp eit nytt opprettsanlegg. Men vi må bry oss, for torsken som vi i dag tek for gitt kan vere forsvunnen i morgon! Eg meiner derfor at det er på tide at vi tek vare på det vi har igjen av natur her i landet, også den som ligg skjult under vassoverflata, og derfor seier eg Nei til oppdrettsanlegg i Eidsfjorden!