Ope brev til Stad kommune

«Slik ondsinna brøyting finn eg meg ikkje i!»

Laurdag vart bilen min brøyta inne.   Foto: Nils Ola Strand

Meiningar

Hei, Kommunen! Hugsar du meg? Eg kom hit i 1969, og eg har budd her i meir enn 50 år. No vil eg ha ein liten prat med deg. Sist fredag måtte eg av garde for å handle litt mat til helga. Eg var berre vekke i vel ein time, men då eg kom heimatt, hadde du brøyta vegen og fylt parkeringsplassen min med enorme mengder blytung snø. Derfor vart eg nøydd til å setje bilen midt i vegen, og han var sjølvsagt til hinder for andre i gata der eg bur. Det var derfor eg ringde til deg. Eg visste ikkje anna råd, men det var til lita nytte. Du prøvde å setje meg over til rette vedkommande, men han tok ikkje telefonen. Det gjorde ikkje han som ikkje var rette vedkommande heller, men han gav i det minste melding om at han sat i møte. Eg sende han eit par foto og skreiv: «Slik ondsinna brøyting finn eg meg ikkje i!» Dette svara han ikkje på, men det er vel heller ikkje så rart. Han var ikkje rette vedkommande. Men du, Kommunen, lova no å gje beskjed.

Slik såg det ut etter at du, Kommunen, hadde brøyta sist fredag.   Foto: Nils Ola Strand

Så då var det berre å setje i gang å måke, det var ikkje anna råd. Etter ei tid vart eg positivt overraska: Her kom Kommunen køyrande, med spade og det heile, sikkert for å sjekke kva eg hadde ringt for. «Så flott», tenkte eg. «Kommunen har teke til vitet! No kjem du og tilbyr meg hjelp!» Men du, Kommunen, helste berre fint gjennom bilglaset og reiste derifrå. Du anar ikkje kor fortvila eg vart! Etter ein time og tre kvarter hadde eg måka så mykje at det var råd å få bilen ut av vegen. Sidan eg vart sjuk våren 2019, har eg sakte prøvd å trene meg opp igjen. Legane mine har gjeve meg streng beskjed om å lytte til kroppen, men kva hjelp er det i det når bilen må stå midt i vegen og hindrar trafikken? Dette gjekk som det måtte gå. Resten av fredagskvelden vart det feber og svimlebyger, og nattesøvn vart det lite av.

Eg måka blytung snø utan pause i ein time og tre kvarter før eg fek bilen ut av vegen.  Foto: Nils Ola Strand

Sjølvsagt snøa det natt til laurdag òg, men du, Kommunen, hadde no lova å gje beskjed. Om det nytta? Då brøytetraktoren hadde vore forbi utpå dagen, var gangvegen opp mot huset fylt med snø og bilen min brøyta inne. Og snøen som låg att etter brøytinga laurdag, var minst like tung å flytte på som den på fredag. Hugsar du kva eg spurte deg om då eg sat i Teknisk utval, Kommunen? Om du ikkje kunne kjøpe inn brøyteutstyr med hydraulisk styring slik at du ikkje trong brøyte folk inne? Då svarte du at slikt utstyr hadde du hatt i mange år. På laurdagar er det ingen vits i å ringe til deg, Kommunen, eg veit det. Det var berre å brette opp ermane og starte måkinga på nytt. Etter ein times tid, greidde eg å få bilen ut på vegen.

Etter denne snømåkinga, vart resten av laurdagen stort sett bortkasta. Det vart søndagen òg. Eg orka knapt å gjere noko som helst sjølv om sola skein og snøveret var over. I går var det måndag, og eg hadde tenkt å gjere litt praktisk arbeid her heime. Innimellom svimlebygene vart det ikkje mykje av det, nei. Men slik er det no eingong når ein ikkje lyttar til kroppen sin, men heller måkar snø som du, Kommunen, har velsigna ein med.Kvifor eg skriv dette? Eg vil du skal tenke deg om, Kommunen. Eg meiner du har eit ansvar. Eg synest korkje at naboane mine eller eg har fortent å verte påført alt dette arbeidet med rydding av tung snøsom kunne ha vore unngått. Nei, dette er ikkje kjekk mosjon som eg har godt av. Dette øydelegg det eg sakte har prøvd å bygge opp over lang tid. Eg er ikkje her for di skuld, Kommunen, du er her for miskuld. Tenker du nokon gong på det, Komunen?