Innlegg

No er katta ute av sekken 

Kva med vegane i Sogn og Fjordane, når alle dei store pengane skal bli brukt opp på motorvegprosjekt inn mot Bergen?, spør Marthe Hammer, gruppeleiar for SV i Vestland fylke (t.v) og Hege Lothe, fyrstekandidat for SV i Sogn og Fjordane.   Foto: Nikita Solenov/SV

Meiningar

Senterpartiet og Arbeiderpartiet har gått saman med Høgre for Hordfast. I fylkesutvalet denne veka vedtok dei full støtte til Hordfast i fyrste periode av Norsk Transportplan (NTP).

Ein kan spørje seg om Senterpartiet og Arbeiderpartiet eigentleg er klar over kva dei har gjort? Dei seier dei er glade for oppstartsmidlar på 1 milliard kroner i fyrste NTP-perioden. Dermed gjev dei veslefingeren til eit prosjekt som truleg vil koste oppimot 35-40 milliardar kroner! Til ein motorveg inn mot Bergen og monsterbru over Bjørnafjorden.

Det er ikkje ein utømeleg pengesekk til vegane våre. Vi må prioritere pengane på det viktigaste: Auka løyvingar til rassikring, meir til fylkesvegar og gul midtstripe på riksvegane. Når dei store pengane til Vestlandet vert lagt inn i Hordfast, så blir det mindre til Sogn og Fjordane og resten av Hordaland.

Fylkeskommunen har slått fast at det har ikkje kome meir pengar til rassikring. Dermed er lista over prosjekt som ikkje nådde opp lang. Til dømes rassikring på E39 gjennom Våtedalen, skredutsette partia på E39 Skjersura, E39 Bogstunnelen-Gaular grense, samt utbetring av punkt på strekninga E39 Byrkjelo-Sandane, ny tunell på riksveg 13 Vikafjellet som er den mest vinterstengte fjellovergangen i Sør Noreg, både grunna ras og vanskeleg vinterdrift, riksveg 13 Hella-Leikanger, riksveg 13 Esebotn, riksveg 15 Strynefjellet som ofte er stengd grunna rasfare, vanskeleg vinterdrift og må løysast med ny tunell grunna tunelltryggleiksforskrifta.

Senterpartiet seier at dei kjemper for Vestlandet. Det høyrest fint ut. Men kva med vegane i Sogn og Fjordane, når alle dei store pengane skal bli brukt opp på motorvegprosjekt inn mot Bergen? Det er kanskje greitt at veljarane får vite.