Lesarinnlegg

Den fyrste kvinna på Stortinget

Tre av fire stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane er kvinner. Det er lett å tenkje at dette er sjølvsagt, men det er ikkje det, skriv Hege Lothe, Stortingskandidat for SV.   Foto: presse

Meiningar

For 60 år sidan, i 1961, vart ei kvinne for fyrste gong vald som 1. vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane. Året etter, 1962 vart eit merkeår i kvinnehistoria vår. Då representerte ei kvinne fylket på Stortinget for aller fyrste gong. Kvinna som gjorde det, var frå Eid. Det var Hildur Odlaug Os. Ho representerte Arbeiderpartiet.

I dag har mange kvinner gode jobbar og høge verv i organisasjonslivet. Tre av fire stortingsrepresentantar frå Sogn og Fjordane er kvinner. Det er lett å tenkje at dette er sjølvsagt, men det er ikkje det.

Hildur Os sat i Eid kommunestyre frå 1955 til 1974, og i formannskapet i fleire periodar. I 1963 fekk ho plass som fyrste kvinne i formannskapet i Eid.

Ho var vararepresentant til Stortinget i 16 år og møtte 193 dagar. Men det vart aldri ho som vart fyrste innvalde kvinne på Stortinget. Det skulle vere interessant å visst kva som skjedde i nominasjonen i Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane i 1969. Nesten alle andre namn var nye på fylkeslista det året, bortsett frå ho som hadde møtt som vararepresentant i to periodar. Kvifor er det ikkje ho som fekk opprykket: Kanskje ho ikkje ville når sjansen baud seg? Eller kanskje ho ikkje fekk sjansen. Men ho heldt likevel fram på varaplass i to periodar til.

Hildur Os hadde som mange andre frå hennar generasjon lite skulegang utover eitt år på Fjordane folkehøgskule og nokre brevkurs. Men då ho passerte 50 år sette ho i gong med utdanning. Slikt gjev håp også for oss som sjølve nærmar oss 50-årsmerket. Ho tok to år med Norges Sosialforbunds opplæring for sosiale tenestemenn og vart deretter sosialsjef i Eid kommune. Ho sto i den stillinga fram til ho gjekk av i 1983.

Då Hildur kom inn i politikken, og eg trur også eg legg til, arbeidslivet, kom ho inn i ei mannsverd. I politikken på denne tida var det få kvinner som var aktive, og kanskje færre i Sogn og Fjordane enn i andre fylke.

Ho, og andre kvinner i hennar tid, gjorde imponerande nybrotsarbeid for oss. Politikken er best og blir best når idear, perspektiv og erfaringar frå alle deler av folket brytast mot kvarandre. Difor nyttar vi den internasjonale kvinnedagen 8. mars til å minne kvarandre på at vi treng kvinner også i politikken, nettopp for å finne dei beste løysingane.