Innlegg

Ap med oppskrift på tilbakegang

Å vere folkevald er å representere folket – ikkje heve seg over folkeviljen, skriv Geir Oldeide og Rita Tonning i Raudt.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Vi registrerer at Torbjørn Vereide er klar på at han ikkje vil arbeide for gjenoppretting av Sogn og Fjordane. Greitt å tone flagg, men det er leit å sjå eit Ap så til dei grader på kollisjonskurs med folket i fylket. Vi veit no det vi har trudd lenge, at innbyggarane våre ikkje ønsker å vere ein del av Vestland. Har aldri villa det. Kvifor kan Vereide ikkje akseptere dette handle ut frå det? Lær av Raudt si haldning i slike spørsmål! Vi har vårt syn og argumenterer for dette, men dersom det blir dokumentert at det store fleirtalet av folket vil noko anna, så må vi sjølsagt respektere det. Å vere folkevald er å representere folket – ikkje heve seg over folkeviljen. Det avlar berre politikarforakt.

Vi har sett fleire døme i lokalpolitikken på at Ap går saman med H og V i spørsmål som er viktige for mange. Det har synt seg å vere ei sikker oppskrift for at folk vender Ap ryggen.