Innlegg

Kva gjer man med utbygging på Okla no?

Heile denne utbygginga har sidan det vart søkt om konsesjonvore full av feil og manglar. Noko både Stad Landskap og Innbyggjarinitiativet har påvist gong etter gong, utan at nokon har gjort noko med det, skriv Hans Christian Hansen, Stad Landskap.  

Meiningar

Sidan oppstarten av Okla utbygginga kom i gong har problema hoppa opp av flosshatten til Falck Renewables i tur og orden. Dette er noko som skapar bekymring, fordi i følgje konsesjonsgivar, NVE, er all dokumentasjon funnet god nok. Det same stadfestar OED, Stad kommune, Statsforvaltaren og Falck sjølve. Sist nemnte på si side baserer rett nok dette pådet forarbeidet som Vestavind kraft gjorde i lag med NVE og som til og med førte til ei tilleggsutgreiing for at alt skulle sjekkast.

Så når grunnforholda på Okla viser seg å ikkje vere gode nok,ja då vil eg tru Falck vart godt overraska. Dei hadde trass alt kjøpt ein konsesjon som hadde vore under saksbehandling sidan 2004. Det er mange månadar sidan arbeidarane til Entreprenørservice sa til observatørane til Stad Landskap i Borgundvåg at dei var frustrerte på grunn av dårleg dokumentasjon på grunnforhold i Borgundvågen.

Etter to saksutgreiingar og 15 år har altså ingen tenkt på å undersøke om det var grunnlag for å etablere steinbrot der dei har søkt, og fått konsesjon til å gjere det. Dei har, slik det ser ut, trudd at fjellet var solid nok. Og då må man lure på kva meir dei har antatt og ikkje undersøkt. Og no, kva skjer no?Falck er plutseleg blitt særs interessert i å ikkje skade elv, myr og kystlynghei, og seier at ein optimalisering av vegtrase er ein vinn situasjon for alle. Dette er på pokerspråket kalla semi-bløff. Etter så mange månader med rasering og utslepp har dei endeleg innsett at dette ikkje er bra, men det er nok økonomien som gneg mest.

Vel, vegen vert mykje dyrare enn Falck trudde. Dei trugar med å køyre inn tusenvis av kubikkmeter masse med lastebil, om dei ikkje får dispensasjon og løyve til å optimalisere vegtraseen som dei kallar det, og løyve til å etablere steinbrot der dei eventuelt kan finne egna fjell til det. Dei vil med andre ord gå ut av gitt konsesjonsområde for å spare pengar på transport. Dermed vil alle avbøtande tiltak forsvinne.

Det er to grunnar til at dette ikkje kan gjerast. Dette er ei fullstendig endring av MTA plan (Miljø, Transport og Anlegg), og er søknadspliktig. Det eksisterer heller ingen avtale med grunneigarar på andre område enn det dei allereie har framforhandla. Så her har det politiske miljø endeleg fått sin sjanse til å stoppe prosjektet ein gong for alle, det same har grunneigarane. Og berre for å ha sagt det, det er vedtatt at det ikkje blir gitt forlenga anleggsperiode. Siste frist for ferdigstilling er 31.12.2021. Og det har vore konsesjonærs ansvar i vilkår nr 13 i konsesjonen å følgje gitt plan. Det bør vere uaktuelt for Stad kommune og NVE å gi nok ein dispensasjon, i alle fall ein dispensasjon som vil føre til at eitt mykje større område av fjellet vert øydelagd.

Til orientering så har Falck allereie sendt brev til NVE og sagt frå seg rettighetane til steinbrot i Kristian ura, noko NVE allereie har bekrefta. Dermed er saken klar. Stad kommune kan og bør seie nei til å dispensasjonen, og dei kan og bør nekte frakting av så store masser inn i fjellet.

Sidan dette er ei stor endring forventar Stad Landskap at saka vert lagt ut på høyring, og at tidsfrist vert satt i høve normal praksis, det vil seie at vi får tid til å førebu nødvendig dokumentasjon. Vi forventar også at vi vert ein høyringspart slik vi har vore sidan 2004. Noko Regjering har i klartekst sagt noko om. «Høyring nyttar ein for at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få seie si meining og kunne føre kontroll med kva forvaltninga gjer og korleis ho utfører oppgåvene sine.»

Heile denne utbygginga har sidan det vart søkt om konsesjonvore full av feil og manglar. Noko både Stad Landskap og Innbyggjarinitiativet har påvist gong etter gong, utan at nokon har gjort noko med det. No er vel nok nok og begeret fullt får vi tru.