Innlegg

Sektoren burde styrkast, ikkje kuttast

Fagforbundet er med på omstillingar som gjev god utvikling. Vi vil bidra i alle prosessar fram mot å få til eit budsjett som kan bli godtatt.

Barbro Os Noste er hovudtillitsvald i Fagforbundet i Stad kommune. 

Meiningar

Stad kommune er ei lita kommune i landsmålestokk og har relativ svakt inntektsgrunnlag. Samanslåinga av Eid og Selje har ikkje på kort sikt gjeve den nye kommunen betre økonomi.

Budsjettsituasjonen er alvorleg. Rådmannen foreslår mellom anna nedbemanning for å få til budsjettbalanse. Fagforbundet tek for gitt at arbeidsgjevar handterer prosessen framover på ein trygg og ryddig måte for sine tilsette.

Arbeidsmiljølova sine bestemmelsar og Stad kommune sine vedtekne styringsdokument må overhaldast. Vernetenesta og fagorganisasjonane må involverast i heile prosessen.

Arbeidsgjevar har ansvar for å nøye vurdere konsekvensane av dei forslegne tiltaka. Nedbemanning fører ofte til for stor arbeidsbelastning for resten av arbeidsstokken. Sjukmeldingar, dårleg arbeidsmiljø og konflikter er ikkje ønskjeleg.

I rådmannen sitt forslag ligg det inne store kutt. Konsekvensen av så store kutt i sentrale tenester kan bli dramatiske. Det er sjølsagt kutt innanfor helse og omsorg og skule som vil svi mest. Konsekvensane vil bli harde for alle berørte partar – både tilsette, brukarar og heile Stadsamfunnet.

Fagforbundet har eit stort hjartesukk for dei tilsette innan helse og omsorg. Desse tilsette har ved fleire høver tatt ein stor del av belastninga når det gjeld innsparing. Vaktlengder for neste år er allereie redusert. Noko som fører til at dei tilsette får fleire oppmøtedagar enn tidlegare. Dette gjer det meir krevjande for tilsette ein nokon gong å orke å jobbe i fulle stillingar. Vi ynskjer at folk skal jobbe heiltid, men orkar dei det når vaktlengde vert redusert og oppmøtedagane vert fleire?

Fagforbundet har bedt arbeidsgjevar om at ein må sjå på korleis arbeidsfordelinga skal vere mellom dei ulike yrkesgruppene. Helsefagarbeidaren har mykje kompetanse som kan nyttast endå betre ved intern og ekstern opplæring i fleire oppgåver. Kva slags oppgåver kan ein helsefagarbeidar bidra med, som vil lette arbeidskvardagen til ein sjukepleiar? Vi ser dømer frå andre kommunar at dette er noko som vert jobba med.

Vi ser på befolkningsendringa at heimetenesta berre vil få auka oppgåver i åra framover. Dette har vi veta om i lang tid allereie. Vi har innbyggjarar som har vedtak på at ein har rett på bemanning rundt seg. Vi har inga bemanningsnorm i helsevesenet. Men vi har auka arbeidspress. Det gjer noko med deg når kravet til å prestere meir, vere meir effektiv, ta fleire morgonstell og springe endå fortare berre aukar.

Sektoren burde styrkast, ikkje kuttast.