Innlegg

Vil Solberg-regjeringa gjere det andre regjeringar ikkje turte?

FN sine klimamål i frå Rio- konferansen i 1992 har lagt føringar for korleis norske regjeringar har lagt opp klimapolitikken. Dette har blant anna ført til ei storstilt satsing på utbygging av vindkraft.

VINDKRAFT: Vindkraft er altså inga god løysing for å løyse klimamåla, og det er det mange som har fått auga opp for no. Den urett som går føre seg langs kysten vår kan den sittande Solberg- regjeringa no løyse, skriv Hans Christian Hansen.  Foto: Privat

Meiningar

Men dersom vindkraft er så klimavennleg som energiaktørane fortel oss, kvifor er det då så store reaksjonar over alt der slike anlegg vert planlagt?

Vindkraftutbygginga handlar om eit klimarekneskap, som ein skal få til å gå opp, men utan å ville kutte i CO2-utsleppa. Norge har pålagt seg sjølve å kutte klimagassutsleppa med 40 % før 2030. Samtidig har ein valt å satse tung på vindkraft. Det kan sjå ut som det er enklare å satse på vindkraft enn å kutte i CO2-utsleppa. Men ein gløymer at produksjon, frakt og montering av vindkraft­anlegg også fører til store CO2 utslepp. I tillegg frigjev myrområda som vert oppgravne enorme mengder CO2.

Staten vel altso ei storstilt satsing på vindkraft og ei betydeleg subsidiering av denne for å balansere klimarekneskapen. På same tid opplever kommunane reduksjonar i statlege overføringar, og må sjå seg etter andre inntektskjelder. Vindkraft blir då presentert som ei inntektskjelde for kommunane. Og utanlandske stor­investorar tek gjerne imot norske subsidiar, som gjer desse prosjekta lønsame. Konsekvensane av vindkraftsatsinga er ei øydeleggjande nedbygging av norsk natur i kommunar over heile landet. Men no er vinden i ferd med å snu. Solberg-regjeringa vedtok 19. juni å stanse alle ikkje påbegynte anlegg og gå gjennom konsesjonane på nytt. Bakgrunnen for dette er dei mange tvistane knytt til vind­kraft­­utbyggingane rundt om i landet. Nokre eksempel på dette er blant anna Frøya, Haramsøya, Bremangerlandet og Okla på Stadhalvøya.

Stad Landskap har kjempa mot Okla- utbygginga på Stadlandet sidan 2004. Den første konsekvensutgreiinga for Okla-utbygginga konkluderte med at området med nasjonal og internasjonal verneverdi ville gå tapt. NVE kunne ikkje gi konsesjon på dette grunnlaget, og kravde ei ny konsekvensutgreiing som konkluderte med det motsette. Og dermed vart konsesjonen gitt.

Tap av natur er ein like stor trussel som klimaendringane, fastslår det internasjonale naturpanelet (IPBES, 2019). Panelet var samansett av 145 forskarar frå 50 land. Dyre og planteliv mister stadig sine leveområde fordi industriell vekst styrar all utvikling, noko som får dramatiske konsekvensar for heile det biologiske mangfaldet. Vindkraft er ein slik industri fordi den legg beslag på, og øydelegg enorme naturområde. I Norge åleine står over 2000 dyreartar i fare for å bli utrydda på grunn av naturinngrep, fastslår FNs naturpanel (2019).

Vindkraft er altså inga god løysing for å løyse klimamåla, og det er det mange som har fått auga opp for no. Den urett som går føre seg langs kysten vår kan den sittande Solberg- regjeringa no løyse. Men det krev mot til å gjere det rette. Og det rette er å stoppe alle nyleg starta konsesjonar og trekke alle ikkje påbegynte konsesjonar tilbake, og gå gjennom desse på nytt. Felles for mange av desse konsesjonane er at dei er innvilga for opptil 10 år sidan og på feil grunnlag. Dei tek ikkje omsyn til at tap av natur er ein av dei største klimatrugslane moderne tid har opplevd. Okla utbygginga er ein av mange nyleg påbegynte vindkraftutbyggingar som no bør stansast umiddelbart.