Innlegg

– Det er nesten så ein skulle tru at Stadlandet ikkje er verneverdig

I Borgundvågen grev tre store gravemaskiner seg oppetter fjellsida med 20 meter i timen. Gravebredda er om lag 25 meter. Dei skal svinge seg gjennom myr og sprenge fjell heilt opp til Stadplatået.

Naturen blir øydelagd så brutalt at den ikkje kan restaurerast som på Hjerkinn, skriv Stig Hjelmeland. 

Meiningar

Samstundes melder Sveinung Rotevatn sitt Klima- og Miljødepartement at dei ”feirer den største naturrestaureringa i Noreg nokon sinne”. Skytefeltet på Hjerkinn er ”omskapt til verneverdig høgfjellsnatur”.

Det er nesten så ein skulle tru at Stadlandet ikkje er verneverdig. At den vesle straumen fem turbinar oppe på fjellet kan levere, er viktigare enn å bevare den unike naturen heile Noreg kjenner til og har eit ynskje om å oppleve.

Er verkeleg den norske politiske handlekrafta sett til side fordi det vart gjeve ein konsesjon på feil grunnlag for fleire år sidan? At kommunestyre, regjering og Storting ikkje forstår at dette kjem komande generasjonar til å skulde dei for?

Naturen blir øydelagd så brutalt at den ikkje kan restaurerast som på Hjerkinn.