Leiar

Harme over Okla

Så var dagen komen der anleggsarbeidet av tilkomstvegen til Okla vindkraft skulle ta til.

Vi forstår at det er mykje kjensler i saka, men samtidig skal ein bu saman i bygdene, enten ein er for eller imot utbygging.   Foto: Presse

Det å jobbe for alternativ miljøvennleg kraftproduksjon vert viktig for framtida.

Meiningar

På kort varsel i helga kom oppfordringa til vindkraftmotstandarane om å møte opp for å demonstrere.

Rundt 50 gjekk i tog frå Leikanger til Borgundvågen, i tillegg til fleire som køyrde bil.

Vi forstår godt frustrasjonen for dei som kjempar – kjempar for å verne det nasjonale ikonet Stadhalvøya.

Vi stiller oss også undrande til hastverket til utbyggjar. Regjeringa har bedt om at alle vindkraftkonsesjonar skal vurderast. Dette arbeidet er i full gang, og ingen konklusjon har kome.

Her burde utbyggjar ha is i magen før ein tek til med arbeidet. Det ville vere sunn fornuft.

Resultatet frå denne utgreiinga kan likevel gå utbyggjar sin veg. Om ikkje tek dei ein risiko for å ha starta arbeidet.

Men det er også ikkje alle lokale innbyggjarar som er imot vindkraftutbygging.

På sosiale media har ein til tider registrert harde ord og hatefulle ytringar.

Vi forstår at det er mykje kjensler i saka, men samtidig skal ein bu saman i bygdene, enten ein er for eller imot utbygging. Det må vere lov å vere usamd, og ein kan ikkje hate dei som ikkje er einige med ein sjølve.

Der er også mange politikarar og andre som tidlegare støtta vindkraftutbygging. Det er ikkje så mange år sidan dette blei sett på som det mest miljøvennlege utbyggingsmåten.

Tidene har endra seg og kunnskapsgrunnlaget likeins. Der er med andre ord politikarar som før sa ja til vindkraft, som no aldri kunne tenkje seg å seie ja til ei ny utbygging.

Men kraft må vi ha. Det å jobbe for alternativ miljøvennleg kraftproduksjon vert viktig for framtida.