Leiar

For mykje Møllerens tran i Kinn

Vi mistenker at nokre partikameratar i Kinn har teke for mykje Møllerens tran, for siste vendinga i politikken i vår nabokommune Kinn er svært overraskande og midt sagt hårreisande.

Det vil truleg også skade rekrutteringa til alle parti når ein neste gong skal ut og leite etter politikarar til sine vallister.  Foto: Arkiv

Dette luktar det av. Noko liknande har vel aldri skjedd før.

Meiningar

Fordi kjemien ikkje stemmer heilt mellom dei partia som fann saman etter siste kommunevalet, og posisjonane blei fordelt, så vel Kinn Ap å kollkaste dette. Dei hiv Sp over bord, frir til nye vennar i H og V, fordeler nye posisjonar, og unnskyldar seg med at dette er til det beste for kommunen Kinn.

Tilbake sit ein varaordførar frå Sp som over natta vart fråteken løna si. Henne set ein berre eit stort kryss over, og pengane til hennar stilling skal ein no bruke på dei nye utvalsleiarane.

Dette luktar det av. Noko liknande har vel aldri skjedd før.

Det politiske livet er til tider tøft, men det som no skjer i Kinn er lite sømeleg politikk framferd, kommenterer stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete til NRK. Ho har så rett.

Avgjerda om å vrake varaordføraren på den måten ein no gjer vekkjer harme og sterke reaksjonar rundt i heile landet – også frå andre lokalpolitikarar i Nordfjord.

Det vil truleg også skade rekrutteringa til alle parti når ein neste gong skal ut og leite etter politikarar til sine vallister. Ein kan gjerne vere ueininge i saker og politikk, men ei slik behandling som det varaordføraren i Kinn no før, høyrer ingen stad heime.

Kinn-ordførar Teigen forsvarar handlingane, og meiner det er slik den politiske kvardagen er for dei fleste av oss. Det skal bli interessant å sjå om politikarane i Kinn verkeleg stemmer for dette, og om fleirtalet søv godt etterpå når varaordføraren må gå frå 80 til 4,5 prosent stilling over natta. Og dette skje ri det offentlege.