Innlegg

Universitet til angrep på distrikta

Dersom UiB er alvorleg uroa for den store belastinga deira studentar utgjer for bysamfunnet og bergensarane, så er Stad kommune sine dører opne for at UiB kan flytte noko av sin samfunnsproblematiske aktivitet hit, skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Stad.

Studentane snyltar ikkje på Bergen. Dei er tvert imot eit økonomisk gode og ein stor ressurs for Bergen. , skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Stad, etter at Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen skreiv i Bergens Tidende «Studenter, meld flytting! Lar du være, får Bergen utgiftene og hjemkommunen inntektene!».   Foto: Privat

Meiningar

«Studenter, meld flytting! Lar du være, får Bergen utgiftene og hjemkommunen inntektene!», proklamerer rektor Dag Rune Olsen på Universitetet i Bergen i Bergens Tidende 12/8, i si velkomsthelsing til nye studentar.

Olsen argumenterer med eit merkeleg utgangspunkt: At det å huse mange tusentals studentar er eit økonomisk belastning for Bergen, som snyltar på byen og bergensarane dersom dei ikkje er folkeregistrerte i byen.

Resonnementet gjev ei viss meining i ein heilt snever kommunal årsbudsjett-samanheng, men er heilt ute å køyre i ein større samanheng.

Studentane snyltar ikkje på Bergen. Dei er tvert imot eit økonomisk gode og ein stor ressurs for Bergen. For bysamfunnet i stort, og dermed også for kommunebudsjetta. Det skjer i fyrste omgang ved at studentane er konsumentar, leigetakarar o.a., men i endå større grad ved at svært mange blir verande i byen som innbyggjarar og skattytarar på lengre sikt – gjennom at Bergen er så heldig å vere vertskap for Vestlands fylkes einaste universitet.

Ved å ha eit universitet fangar Bergen opp tusenvis på tusenvis ungdom i etableringsfasen. Det er ein enorm konkurransefordel som kjem Bergen til gode gjennom nasjonal politikk. I den store samanhengen representerer ungdom som flyttar ut for å studere, ei storstilt forflytting av menneskelege og økonomiske ressursar bort frå distrikt utan institusjonar for høgare utdanning.

At Bergen og andre store studentkommunar posisjonerer seg som gode stader for studentar å flytte til, er naturleg og forståeleg. Det er også forståeleg (og fullt mulig i dag) at studentar som ønskjer å bli verande i Bergen og «slå rot» raskast råd, melder flytting.

Det er derimot alvorleg at rektor for ein institusjon som UiB frontar eit slikt syn som Olsen gjer her, og i realiteten reduserer UiB frå å ha vore ein institusjon som tek det nasjonale og regionale ansvaret på alvor, til no å bli ein institusjon som representerer snevre by-interesser, med brodd mot det store fleirtalet av kommunar som ikkje har eigne institusjonar for høgare utdanning.

Olsen presterer også å framstille studentar som ikkje melder flytting som eit demokratisk problem, fordi dei ikkje får påverknad på avgjerdene kommunen tek. Den forståinga legg til grunn at ungdom i den augneblinken dei vert studentar har brote med heimkommunen sin. Studentane har tilsynelatande, slik Olsen argumenterer, ei moralsk plikt til å bli bergensarar når dei bur i Bergen. Er det sikkert at studentar er «utflytta» når dei vert studentar? Er ikkje det å halde fast ved røysterett og demokratisk medborgarskap heime eit viktig middel for å knyte band mellom studentar og heimstaden?

Olsen nyttar seg av klassisk stråmannsargumentasjon når han skriv at flyttemelding i studietida i seg sjølv ikkje er det som hindrar studentar i å flytte tilbake til heimkommunen. «Snarere er attraktive bo- og arbeidsmuligheter avgjørende for de fleste.» Goddagmann, økseskaft. Dette er altså ikkje ein viktig faktor, fordi det finst endå viktigare faktorar? Kjem denne typen argumentasjon frå ein professor?

Vidare skriv Olsen om at verksemder i stadig større grad vert avhengige av fysisk lokalisering, og at digitaliseringa gjev eit «formidabelt mulighetsrom for arbeidsplasser i distriktskommuner». Kva inneber dette argumentet i samanhengen? Er det ikkje like stor grunn til å hevde at digitaliseringa gjer det endå enklare for ungdom å vere nær knytt til lokalsamfunnet, engasjere seg der demokratisk osb, sjølv om dei av praktiske grunnar oppheld seg i Bergen? For ikkje å snakke om kor lett det er no for UiB å legge til rette for at studentar som ønskjer det kan vere meir i heimkommunen, og få undervising og fagleg oppfølging digitalt? Kvifor er Olsen i vår moderne tidsalder så manisk oppteken av at alle studentar straks må melde fysisk flytting vekk frå distrikts-Noreg til Bergen?

Eg er skuffa og overraska over kor grunne resonnement og manglande evne til å sjå fleire sider ved ei sak som det her er frå Universitetet i Bergen sin fremste talsmann. Om rektor Olsen sitt bråkjekke innlegg om stakkars Bergen by som lir under alle studentane, gjenspeglar universitetsleiinga i Bergen si manglande refleksjon rundt UiB si rolle som utviklingsmotor for heile Vestlandet, er vi ille ute å køyre. Då er det på tide for oss i kommunar i Vestland som ikkje har eigne studiestader, å finne ut om andre akademiske samarbeidspartnarar har ei anna og meir reflektert haldning til verda utanfor eigen navle.

Og dersom UiB er alvorleg uroa for den store belastinga deira studentar utgjer for bysamfunnet og bergensarane, så er Stad kommune sine dører opne for at UiB kan flytte noko av sin samfunnsproblematiske aktivitet hit. Vi skal ta hjarteleg mot dei – med eller utan flyttemelding.


Dette er eit innlegg med reaksjon på rektor ved Universtitetet i Bergen sitt utspel i Bergens Tidende om at studentane bør melde flytting frå heimkommunen til studiestaden Bergen.