Innlegg

Nytt skuleår: Gratulerer med dagen!

I dag startar over 2.000 born og unge eit nytt barnehage- og skuleår i Stad kommune – i barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule.

Spesielt velkomen til dei 121 spente 1. klassingane på barneskulane i Stad, skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Stad.  Foto: Privat

Og demokrati – medborgarskap – handlar om at mulighet til å delta i lokalsamfunnet. Det gjer vi m a ved å gje born og unge ei tydeleg røyst og ein tydeleg arena gjennom ungdomsrådet, gjennom å snakke med kvarandre og lytte til kvarandre – og gjennom at mi dør som ordførar vil stå open for born og unge i Stad, skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Stad.  Foto: Privat

Meiningar

Og snart også elevane våre på folkehøgskule, fagskule og desentralisert høgskuleutdanning. Velkomne til alle saman!

Spesielt velkomen til dei 121 spente 1. klassingane på barneskulane i Stad (19 fleire enn i fjor – det er også kjekt!). Dette er ein dag mange av 1. klassingane vil hugse resten av livet. Eg var ein liten tur opp på Nordfjordeid skule i dag for å «lodde stemninga». Det var akkurat som det skulle vere: Oppøste born, spenn klare lærarar og litt smånervøse foreldre som nettopp hadde sleppt frå seg ungane sine i klasserommet for fyrste gong..

Frå og med i dag blir det også innført ein ny læreplan for heile grunnskulen. Her er mange endringar i dei einskilde faga, mellom anna med meir høve til djupdelæring, men i tillegg skjer det noko anna som er svært viktig og positivt. Det er frå no av fastsett tre overgripande tema som skal inngå i alle fag: Folkehelse og livsmeistring, berekraftig utvikling og demokrati og medborgerskap.

Det betyr at samarbeidet mellom skulen og lokalsamfunnet elles blir endå viktigare enn før.

Folkehelse og livsmeistring handlar om å lære å bli «heile menneske» – at dersom du skal gjere det godt på skulen, må du også ha det godt i livet ditt, med deg sjølv og med dei rundt deg.

Berekraftig utvikling handlar mellom anna om klima og miljø – om den svære omstillingsjobben vi skal gjere av alle små og store samfunn i Noreg dei neste åra over frå fossil til fornybar energi, gjenbruk og betre ressursutnytting.

Og demokrati – medborgarskap – handlar om at mulighet til å delta i lokalsamfunnet. Det gjer vi m a ved å gje born og unge ei tydeleg røyst og ein tydeleg arena gjennom ungdomsrådet, gjennom å snakke med kvarandre og lytte til kvarandre – og gjennom at mi dør som ordførar vil stå open for born og unge i Stad.

Så eg ser fram til tida som kjem – godt nytt skuleår til alle i Stad!