Innlegg

Ingen kommer undan politiken

«Ingen kommer undan politiken»….sang Marie Bergman i 1976….  Dei fleste av oss kjenner sangens bodskap; politikk berører oss alle, anten vi vil eller ei! Ordet politikk kjem opphavleg frå det greske ordet polis, som nettopp tyder «det som vedrører vårt felles liv». Men, er det alltid enkelt å få gehør for politisk engasjement?…..

Lova må fylgjast gjeldande ei sak som har vore konfliktfylt i nærare 20 år, og som vil endre det ikoniske landskapet på Stadthalvøya for all framtid., skriv Wenche Hovlid Sortvik.   Foto: John Kråkenes

Meiningar

I Noreg står tanken om lokaldemokratiet sterkt - som ei plattform for deltaking og aktivitet. Eg og du – den vanlege kvinne og mann, vert oppmoda om å engasjere oss i saker som vedrører eige miljø, liv, helse og livskvalitet. Og målet er mellom anna betre kommunale avgjerder bygd på tilføring av lokal kunnskap, som slik kan medføre høgare lokal forankring. Korleis ein kan utvikle eit sterkt lokaldemokrati med aktiv innbyggjardeltaking som skaper tillit og berekraft, vert opp til kommunen sjølv å bestemme – og vil materialisere seg i måten kommunale saker vert handtert.

Tankane om lokaldemokratiets sentrale rolle i det norske politiske system, er interessante å ha med seg som bakteppe i det fylgjande. For - saka som vedrører Okla-utbygginga på Stadlandet, er nettopp ei sak som i sterk grad berører innbyggjarane på Stadthalvøya, og som også engasjerer folk langt utanfor Stadlandet sine grenser. Difor har også handsaminga av Okla-saka, stor merksemd. Saka er omfattande, omstridt og strekk seg over år. Den lokale motstanden er stor. Vi taler om at eit ikonisk kystlandskap står i fare for å verte rasert. Eit verna kulturlandskap og eit INON-område med ein katalog av raudlista artar, verna vassdrag og naturreservat. Midt i trekk- og overvintringsområde for fugl. Vi taler om ei kulturhistorie- og ein kulturarv av sjeldne dimensjonar.

Dei tilhøyrande saksdokumenta, berre gjeldande den siste dispensasjonssaka til ny tilkomstveg til anlegget, viser det store engasjementet og kompleksiteten i saka. Sakslista talte over 70 vedlagte dokument. Tilkomstvegen vil medføre eit omfattande fysisk inngrep i eit krevjande terreng – i eit landskap som har kvalitetar i lokal, nasjonal og internasjonal skala. 5 vindturbinar og nærare 4 km med veg vil øydeleggje naturen på Stadtfjellet for all framtid! Energivinsten er marginal, og kan aldri vege opp for tapet av unik natur!

For å sikre at ei sak som berører Stadthalvøya si skjebne i så stor grad, skulle bli behandla i Stad kommunestyre, vart eit Innbyggjarinitiativ reist. Innbyggjarinitiativet kom med framlegg om å ikkje gje dispensasjon til tilkomstvegen, med støtte i fylkesmannen i Vestland. Tilkomstvegen vil kome til å ligge i eit LNF område som har viktige naturtypar og kulturminner. Den vidare saksgang, er difor forunderleg, sett i eit lokaldemokratisk lys.

Kva som eigentleg skjedde i sakshandsaminga kring eit så sterkt uttrykt engasjement frå innbyggjarar i kommuna sin ytre del, krev eit godt hovud å forstå. For – før kommunestyret fekk høve til å meine noko som helst om Innbyggerforslaget, vart dispensasjonssaka - ved delegert mynde behandla i Utval for areal og eigedom, 28 april. Vedtak om å gje dispensasjon til ny tilkomstveg, vart samstemt fatta, i tråd med innstilling frå rådmann.

I lys av kva som vert ansett som god lokaldemokratisk sakshandsaming, er det som skjer vidare endå meir forunderleg. For - då saka endeleg kom opp i kommunestyret 7. mai, var det sjølve Innbyggjarinitiativet som var utgreia etter Kommunelova, ikkje dispensasjonssaka som initiativet omhandla. Dermed vart ikkje krava knytt til dispensasjonssaka opplyst, korkje i forkant, eller under sjølve møtet. Og – av den grunn vart heller ikkje saka drøfta i forhold til dei krav som lova stiller for å kunne gje dispensasjon til tiltaket. Sett utanfrå, opplevdest det underleg å vere vitne til eit kommunestyre som var komen i ein situasjon der dei fyrst i etterkant av eit fatta vedtak, vart invitert til å utøve si plikt til å vurdere behandlingsmåten.

Men for å danne eit heilskapleg bilete i denne samansette saka, må vi gå attende til utbyggjar sin søknad, datert 22.oktober 2019. Søknaden omfatta nemleg manglar som framleis ikkje var retta innan behandlinga i Utval for areal og eigedom fann stad. Den mest vesentlege, var mangel på søknad om sjølve tiltaket! I tillegg mangla søknaden ei grunngjeving for kvifor utbyggjar ynskjer dispensasjon. Tiltaket er søknadspliktig i fylgje Plan- og bygningslova. Det kan difor stillast spørsmål ved kvifor Stad kommune ikkje har stilt krav om tiltakssøknad, eller om ein grunngjeven dispensasjonssøknad? Om vilkåra for dispensasjon er tilstade i saka i det heile, er såleis ikkje blitt vurdert. Vedtaket som vart fatta i kommunestyret 7 mai, omfattar kun dispensasjon frå arealformål, men krev faktisk også dispensasjon frå fleire bestemmingar som korkje er omsøkt, nabovarsla, høyrde, utgreia, gitt eller grunngjeve. Dette kan ein omtale som alvorlege tilblivingsfeil, og ein kan då stille spørsmål ved om vedtaket manglar heimel i Plan- og bygningslova? Eit vedtak utan heimel i lovverket, vil vere ugyldig – og må då omgjerast. Lova er lik for alle, og ein må kunne anta at Stad kommune ikkje er unntatt frå allminneleg praksis i så måte.

Utval for areal og eigedom var kjent med både Innbyggjarforslaget og manglane i søknaden, men valte altså likevel å behandle søknaden utfrå delegert mynde. På sett og vis, avskar dei såleis både innbyggjarane og eige kommunestyre. Og attpåtil viser utvalet til delegasjonsreglementet sin heimel, men utan å ta omsyn til Kommunelova sitt formål og intensjonen bak Innbyggjarforslaget.

Det var ikke eit val mellom to vegtrasèer som stod på kommunestyrets dagsorden. Det var eit spørsmål om grunnlag for å kunne godkjenne dispensasjon i eit LNF område. Tilkomstvegen skal kun ha til formål å tene transportbehovet til eit vindkraftanlegg gjennom konsesjonsperioden på 25 år. Arealdisponeringa til vindkraftanlegget og tilkomstvegen kan slik sett vurderast som sider av same sak. Og – då kan ein stille spørsmål om kvifor Stad kommune ikkje har stilt krav om samordna tiltakssøknad etter Plan- og bygningslova, overfor utbyggjar?

Midt opp i sakens kompleksitet; alle mistydingane, mangelfull saksutgreiing, manglar i søknaden, forvirring kring lovverk – og kva instans som eigentleg har ansvar for kva i saka, er det ein ting som særskilt synest å overskugge kommunestyret sin debatt; frykta for at OED kan kome til å nytte statleg arealplan. Ein kan undre seg over korleis det kan ha seg at denne frykta er så påtrengande sterk i Stad kommunestyre? Forholda kring statleg plan, vart ikkje godt belyst, korkje i saksutgreiinga eller i møta, men fekk likevel stort fokus. Det er stor grunn til å anta at «frykt for statleg plan» fekk tyding for saka sitt utfall. Det er forunderleg at dette vert via så stor merksemd. Ein må kunne anta at kommunestyret burde ha kjennskap til at bruk av statleg arealplan med lovleg heimel ikkje framstår som eit reelt alternativ for å tvinge gjennom planavklaring for «Okla»! Ved eit anlegg som «Okla» - vil nasjonale arealdisponeringsomsyn langt overgå nasjonale energiproduksjonsinteresser - frå 5 vindturbinar! Vidare bør ein kunne forvente at kommunestyret også er kjend med at OED er underlagt den same Plan- og bygningslov som kommunen, dersom – mot formoding bruk av statleg arealplan skulle verte eit alternativ. OED er då pålagt å legge vekt på kommunens synspunkt for trasèval.

Konsesjonen til «Okla» er gitt i eit område som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, biologisk mangfald og kulturhistorie. Frå Vestkapp-platået, eit nasjonalt ikon med store verneverdiar, vil ein få innsyn til industriområdet. Dette er verdiar som aldri kan sameinast med industriutbygging. Energimyndighetene har gjennom si konsesjonsgodkjenning utvist eit totalt fråver av fagleghet i høve andre sektorinteresser enn energiproduksjon.

Og nettopp difor har vi kjempa mot denne utbygginga i meir enn 15 år. Kjempa for eit landskap og eit naturmangfald som det ikkje finst maken til i Noreg. Kjempa for å få fram fagkunnskap som tiltakshavar og myndigheter har lete vere å belyse. Ut frå momenta over, må det reisast spørsmål om sakshandsamingsfeil medfører at vedtaket som vart fatta i Stad kommune 7 mai, ikkje er gyldig? Noko som heller ikkje kan bøtast på i etterkant - sidan tiltaket korkje er omsøkt, varsla, høyrt eller utgreia slik lova krev. Desse momenta har openbart hatt innverknad på vedtaket som vart gjort 7 mai - om å gje dispensasjon til ny tilkomstveg. Saka bør difor takast opp til ny vurdering.

Lova må fylgjast gjeldande ei sak som har vore konfliktfylt i nærare 20 år, og som vil endre det ikoniske landskapet på Stadthalvøya for all framtid. Ellers vil det medføre ei avgjerd som ikkje har lokal forankring. Det vedrører faktisk «våre felles liv». Og - framtida til dei som kjem etter oss.

Og – det bringer avsluttingsvis igjen tankane inn på orda i Bergman sin kjende sang «Ingen kommer undan politiken»……med von om at det framtidige lokaldemokratiet i nye Stad kommune, skal kome til å stå sterkare enn behandlinga av omtalte Innbyggjarinitiativ førebels har fått……

Ingen kommer undan politiken
för att man är servil och snäll
inte ger man (…) i polemiken
fast man är trött varenda kväll…