Innlegg

Rasisme lever i beste velgåande

På kalenderen står det 2020, men tankesettet til mange er framleis i 1930.

RASISME: Drapet av George Floyd har ført til protestar over heile verda, og kan kanskje vere ein vekkar for mange i å sjå at rasisme lever i beste velgåande i våre moderne samfunn, skriv Ådne Reidar Nes Kleppe, nestleiar for AUF-studentar i Trondheim og vararepresentant for Ap i Stad kommunestyre.   Foto: presse

Meiningar

På kalenderen står det 2020. Vi lever i det 21 hundreåret, i ei tid med framsteg på nærast sett alle frontar i samfunnet, der folk flest har fått det betre. Ifølge enkelte historikarar er det i dag den beste tida å vere enkeltmenneske, med omsyn til rettsvern for innbyggarar, teknologiske framsteg som gjer det enklare for den einskilde, og godt utbygde velferdsstatar som sikrar at folk flest kan leve gode liv.

Noko som derimot sjokkerer meg, er korleis vi i 2020 framleis tillèt at rasismen florerer i samfunnet vårt. Drapet av George Floyd i USA har blitt eit symbol på det mange omtalar som systematisk rasisme i USA, der det generelt sett ofte er vanskelegare og meir utrygt for menneske med mørk hud i det amerikanske samfunnet. Drapet av George Floyd har ført til protestar over heile verda, og kan kanskje vere ein vekkar for mange i å sjå at rasisme lever i beste velgåande i våre moderne samfunn.

Ofte når eg les i kommentarfelta på Facebook eller andre nettforum, ser eg korleis det verste i mennesket kan kome fram i lyset. Enkelte omtalar menneske av ein annan hudfarge med forferdelege ord. Til dømes vart ein kvinneleg politikar med mørk hud omtala som ein ape. Eg forstår ikkje korleis nokon kan finne på å seie noko slikt, og det viser berre korleis Noreg òg er eit land prega av rasisme i mange samanhengar. 25 prosent av dei spurde i ei norsk undersøking sa at dei er heilt samde eller delvis samde i påstanden: Nokre menneskerasar er meir intelligente enn andre rasar.

Rasisme er ikkje noko vi blir ferdige med ein gong for alle. I USA, då Barack Obama vart vald til president, spurde fleire nyheitsanker i USA seg «Is rascism over?». Nei, rasismen held fram, og den er noko vi må ta eit oppgjer med til ei kvar tid. «Du må ikke tole så inderelig vel den urett som ikke rammer deg selv», sa Arnulf Øverland. Mange i Noreg tenkjer nok at ein ikkje kan gjere så mykje som enkeltperson, men jo, det er fleire ting ein kan gjere. Mellom anna kan ein ty til motmæle når ein les, høyrer eller ser rasisme føregår. Ein kan ytre seg i media. Ein kan konfrontere rasistar og vise at rasismen er det grusomaste som finst, og noko som ikkje er akseptert, uansett kvar ein bur.

Vi er alle menneske, med draumar, kjensler og håp. Martin Luther King sa i 1963, «I have a dream, that one day this nation will rise up and live out the true meaning of its creed: We hold these truths to be self-evident, that all men are created equal.» Ein skulle kanskje tru at vi i 2020 hadde klart å oppfylle denne draumen, men kampen held fram. Engasjer deg. I dagens samfunn er det ikkje nok å seie at du ikkje er rasist. I 2020 må du vere antirasist.