Innlegg

Kriser minner oss på kva som betyr noko

Kriser minner oss på kor avgjerande det er at vi stiller opp for kvarandre. Kva som betyr mest i liva våre når det verkeleg smeller, skriv Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

I dag kjennes det godt å kunne byrje å møte litt folk igjen i trygge rammer, men det er framleis eit betydeleg alvor som pregar kvardagen vår, skriv Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant for Arbeidarpartiet.   Foto: Presse

Meiningar

I førre veke måtte eg køyre sambuaren min på legevakta. Det hadde vore ei bilulykke. Ei forbikøyring med ein bubil hadde gått gale, og i løpet av eit lite sekund var verda snudd på hovudet.

Heldigvis gjekk det bra med både liv og helse. Det var vi alle ufatteleg takknemleg for. Likevel gjere det noko med deg når du står i midten av det heile. For kriser minner oss alle på kva som verkeleg betyr noko i liva våre.

Dei siste månadane har vore ei krise for oss alle. covid-19 har vore krevjande. Vi har fått oppleve kor sårbare vi kan vere. Heldigvis har vi og blitt minna på kven som stiller opp for oss når det verkeleg gjeld. Alle dei som har redda, vaska, trøysta og bidrege. Alle sjåførane våre som bokstaveleg talt har vore med på å halde hjula i gang. Det er det god grunn til å vere takknemleg for. Vi er alle ein del av det same fellesskapet.

I dag kjennast det godt å kunne byrje å møte litt folk igjen i trygge rammer, men det er framleis eit betydeleg alvor som pregar kvardagen vår. På nokre måtar kan arbeidsløysa og permitteringane minne litt om «dei harde trettiåra» som ramma landet vårt i forkant av den andre verdskrigen. For alle dei som no står i fare for å miste jobben, kan det i alle fall kjennast slik. Då er det viktig at vi stiller opp slik at ingen blir ståande aleine.

Det må finst ein veg tilbake. Tryggleik i, og utanfor arbeidslivet har sjeldan vore viktigare enn akkurat no. Dette må reflekterast i det nasjonale arbeidet. Framfor å duke bordet for utbyttefestar, bør ein først og fremst sørge for at alle får ein stol å sitte på.

Kriser minner oss på kor avgjerande det er at vi stiller opp for kvarandre. Kva som betyr mest i liva våre når det verkeleg smeller.

Då er det fellesskapet som betyr noko.