Leiar

Det er ikkje slik vi vil ha det i lokalmiljøet vårt

Siste tida har det vore ei negativ utvikling med hærverk i Nordfjordeid sentrum, slik som i fjor haust.

Øydelagt: Natt til måndag vart robotgrasklipparen i Maurstadparken på Nordfjordeid øydelagt.  

Det er ikkje slik vi vil ha det i lokalmiljøet vårt – at nokon få øydelegg for oss alle.

Meiningar

I Maurstadparken vart ein robotklippar til 25.000 kroner totalramponert natt til måndag.

Elles har det vorte knust spegel i Sagaparken, blitt kasta søppel i fontene i kyrkjeparken og nokon har tent på i søppeldunkar. Hadde det ikkje blitt oppdaga kunne det fått fatale følgjer.

I midten av april var det ruteknusing fleire stadar som stod på agendaen for nokon, og det var gjort mykje hærverk på sentrumsskulane.

Dei som gjer jobben med å halde det fint og triveleg rundt oss fortvilar. Dei må bruke tid på å rydde opp etter pøblane, tid som kunne vore brukt til anna.

Men det som no skjer av pøbelstrekar og vandalisme på Nordfjordeid er ikkje greitt – heller ikkje for deg og meg.

Det er ikkje slik vi vil ha det i lokalmiljøet vårt – at nokon få øydelegg for oss alle.

Når ein robotklippar til 25.000 kroner vert øydelagt, gir dette store ekstrakostnadar for Stad kommune.

Dette igjen kan gå ut over at barn og unge ikkje får dei tenestene dei bør i barnehage eller skule, eller at dei eldre ikkje får det så godt som dei skal.

Spørsmålet er sjølvsagt kvifor nokre ungdommar oppfører seg slik. Er det behov for å tøffe seg for andre i miljøet ein vankar i, om det er mangel på å finne på noko anna eller ei stadfesting på ein eller annan måte, er ikkje godt å seie.

Om du ser uakseptabel oppførsel så sei ifrå til ungdommen og til politiet. Det handlar om å bry seg. At nokon vel å vandalisere går ut over oss alle.

Samtidig er det viktig at vi ikkje ugleser all ungdom. Vi har mange flotte ungdommar i nærmiljøet vårt, men det som nokre få no står bak av vandalisme er ikkje akseptabel oppførsel.