Lesarinnlegg

Utsikt frå farmor sitt vindauge

Frå kjøkkenglaset til farmor sitt gamle hus i Eltvik, har ein orkesterplass til horisonten; linja som skil jorda og havet frå himmelen. Det er eit sjelsetjande skode. Horisonten kan vere så markert, andre gongar knapt mogleg å skimte kvar havet ender, eller himmelen byrjar.

Utsikt frå farmor sitt vindauge i Eltvik på Stadlandet.   Foto: Privat

Meiningar

Dette utsynet har vore det same i uminnelege tider. Frodige sletter som brått møter hav - så langt auget rekk. Lysstrålen frå fyrlykta på Svinøya, som viser trufast veg. Lysa frå båtane, den jamne trafikken rundt Stadt. Himmelen tidvis så truande grå. Men andre gongar varm og glødande rosa; fyller hjartet med von. Og havet kan ligge så stille - himmelblått, venleg og innbydande. Men, andre dagar i opprør; skummande kvitt med storbåra som slår høgt innover land.

Farmor levde livet sitt her. Eltvik var sentrum i hennar univers. Som for så mange andre i grisgrendte strøk på den tida, var det ingen rom for reising og forlystelse. Mest kvardag og arbeid. Tidleg enke, og ansvar for gard og 5 born. Mykje slit. Når eg går i fjellet på Stadt, tenkjer eg mykje på farmor Sigrid. All hennar vandring på desse stiane. Og kor viktig dette fjellområdet var for henne og folka i bygdene på Stadt. Naudsynt beiteområde for dyra gjennom vår, somar og haust. Som mange andre bygdekoner, vandra farmor til utmarkstykket for å mjølke to gongar pr dag. Gjekk dagleg over «Skaret» til Honningsvågen for ulike ærend. Til Ferstad for å levere smør. Plukke myrull. Plukke bær. Finne brensel. Hauste kvart eit strå på dei små jordlappane - i eit nådelaust klima som ofte gjorde innhaustinga vanskeleg. Spe på med tang og tare når foret som regel ikkje strakk til. Dei små gleder hadde stor verdi for farmor. Til dømes når kusymra farga «Honnbakkane» og dei bratte fjellsidene i «Stranda» gule. Når ho etter ein lang arbeidsdag endeleg fekk fyr på ovnen i kjøkkenet, steikte natronkaker på plata – og kunne kaste den varme baksten bort i fanget til borna – sine eigne fem, og øvrige som måtte trenge det. Det var alltid hjarterom og plass til ein til rundt bordet. Og sjølv kor sliten ho var etter ein lang dag, som ofte starta før sola rann, hadde ho alltid tid. Tid til å lytte, og tid til å fortelje. Og det var ikkje motgang, sorg eller slit som var gjenstand for historiene. Nei. Det var kjærleiken til naturen kring seg. Respekt for naturkreftene sin lunefullhet. Omsorgen for menneska og dyra. Og andekt over å ta vare på det ein hadde kring seg. Dei gamle segnene frå Stadhalvøya levde i farmor. Ein djup respekt for naturen og dei som hadde vore her før.

Farmor har vore borte i lang tid no. Endå er landskapet ho levde sitt liv i, uendra på Stadthalvøya. Men utsikta som mi farmor hadde gjennom all si tid, står no i fare for stor endring. Og når eg vandrar på dei same stiane på Stadtfjellet som farmor gjekk kvar dag, vert eg fyllt med ei djup respekt overfor livet ho levde. Og eit vemod. Kva hadde farmor sagt, om det som no står i ferd med å skje på Eltvikehornet? At fjellet skal gravast opp. At landskapet skal sprengast bort. At naturens fred skal forstyrrast. At utsynet som var hennar glede og hennar livsgrunnlag, skal øydeleggast?

På Stadthalvøya, og fleire andre stadar i distrikts-Noreg, er vi diverre vitne til noko som savnar historisk sidestykkje i norsk energi og naturforvalting. Ei nedbygging av natur i stormskritt - i klimaets namn, og med den norske stat si velsigning! Eit system som gjer det mogleg for kapitalkrefter å øydeleggje nasjonale naturverdiar for all framtid. Og rekninga betaler vi! Ved høgare straumpris og nettleige. Utkantkommunar i Noreg, som Stad kommune, har vorte rundlurt, med lovnad om arbeidsplassar og positive ringverknader for næringslivet. Nærare 4 km. veg gjennom eit landskap som har kvalitetar i lokal, nasjonal og internasjonal skala, berre for å transportere enorme turbindelar til eit industrianlegg som vil øydelegge naturverdiar for all framtid. 5 vindturbinar som vil gje ein marginal energivinst - i eit område som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, biologisk mangfald og kulturhistorie. Desse verdiane kan aldri sameinast med industriutbygging! Gjennom konsesjonsgodkjenninga til «Okla» har energimyndighetene utvist eit totalt fråver av fagleghet i høve andre sektorinteresser enn energiproduksjon. Og samstundes veit vi at dei viktigaste miljøtiltaka, er å late urørt natur få vere i fred. Ei realisering av Okla, og ei nedbygging av naturen på Eltvikhornet, vil ikkje redde klimaet. Det er tid for at Stad kommune gjer alt som står i deira makt, for å stogge ei slik fadese. Eit prosjekt som i framtida vil stå som ein skamplett i norsk energi og klimapolitikk.

Vi kan ikkje late vere å kjempe vidare for eit landskap og eit naturmangfald som det ikkje finst maken til i Noreg! Ei kulturhistorie - og ein kulturarv som har stor historisk tyding i landet vårt. Ei historie som må få lov til å leve vidare - slik at framtidige generasjonar skal kunne vandre på stiane over Stadfjellet, og kunne ta inn det same utsynet over eit urørt og spektakulært landskap, nett slik som det alltid har vore.