Leiar

Stor siger for jordskifteretten

No har Ap, Frp, Sp og SV bestemt seg for å seie nei til regjeringsforslaget om å redusere talet på rettskretsar i Norge.

FEIRA: I jordskifteretten på Nordfjordeid feira dei med kake då beskjeden kom om at partia med fleirtal vil gå imot reduksjonsforslaget.  Foto: Anna Wuttudal

I tjue lange år har dei kjempe utretteleg for å behalde jordskifteretten i Nordfjord.

Meiningar

Med andre ord – dei skrotar forslaget og vil stemme imot i Stortinget.

Den varsla domstolsreforma skal etter planen leggjast fram for Stortinget i juni.

Eit forslag frå Domstolskommisjonen er bakteppet for det heile, då dei i fjor gjekk inn for eit drastisk kutt i talet på tingrettar i Norge. Dei ville redusere dagens 60 til berre 22.

Her var det igjen sentraliseringa som skulle råde.

Reaksjonane har vore mange, og vi er samde med dei som meiner ein slik reduksjon ville vere for drastisk.

I jordskifteretten på Nordfjordeid feira dei med kake då beskjeden kom om at partia med fleirtal vil gå imot reduksjonsforslaget.

Det er grunn til å heise flagget. No ser det ut som om eigaren vår, Stortinget, endeleg set skapet på plass, kommenterte ein svært nøgd leiar for Nordfjord jordskifterett.

I tjue lange år har han og staben kjempa utretteleg for å behalde jordskifteretten i Nordfjord som sjølvstendig eining med eiga lokal leiing.

No er dei glade for at det kan gå den vegen, og at dei endeleg kan få fred til å konsentrere seg om det faglege arbeidet.

No er dei også mykje meir sikra for framtida når dei får behalde sokna og har eigen domstolsleiar.

Vi håper at samarbeidspartia står for det dei no har bestemt, og at dette vert det endeleg resultatet. Så får alle fred i saka.