Leiar

Dei fortener det!

Det stundar mot 17. mai. Ei annleis nasjonaldagsfeiring enn det vi er vande med.

17. MAI: Nokre av korpsa, om ikkje meir enn eitt, bør ta turen til Nordfjord sjukehus på ein dag der vi skal feire demokratiet og sjølvstendet for landet vårt.  Foto: Anita Ingebrigtsen/arkiv

Det betyr mykje for dei som må vere på vakt – og for pasientane

Meiningar

I Eid har det gjennom svært mange år vore tradisjon for å besøkje bebuarane på kommunale institusjonar, og tilsette på institusjonane som ikkje har høve til å vere med på feiringa vår. Også pasientar og tilsette ved Nordfjord sjukehus var tidlegare på lista over institusjonar som fekk besøk av barnetog og musikkorps. For få år sidan vart dette endra på. Grunngjeving var etter det vi har forstått at det var for langt å gå.

I desse pandemitider står takksame innbyggarar i store delar av Europa og klappar for helsearbeidarar som står fremst i linja i kampen mot den snikande pandemien som har tatt livet av over 200 menneske i Norge, og over ein kvart million totalt i heile verda. I Norge er over 8.000 smitta, i verda over fire millionar. Helsepersonell over heile verda, også i Norge, jobbar kvar einaste dag på spreng for å hjelpe folk og redde liv, samstundes som dei sjølv er blant dei med størst risiko for å bli smitta og for å bli det neste offer for covid-19.

I vår kommune og vår region er det påvist lite eller ingen smitte. Ingen har så langt døydd av viruset i gamle Sogn og Fjordane. Det har vi mange å takke for, også oss sjølve for at vi følgjer dei råda vi får frå ekspertane. Når det er sagt så har vi ingen garanti for at vi skal sleppe så billeg unna i framhaldet. Etter kvart som vi opnar opp samfunnet, er risikoen for at fleire kan bli smitta større, også i vårt område. Då treng vi det helsepersonell vi har.

Sjølv om feiringa av nasjonaldagen i år vert svært annleis enn det vi er vande til frå tidlegare år, så skal musikkorps spele dei kjende melodiane vi alle er glade i og stolte over til dei som bur på institusjon og for tilsette som må gjere den vitige jobben dei gjer – for oss alle. Nokre av korpsa, om ikkje meir enn eitt, bør ta turen til Nordfjord sjukehus på ein dag der vi skal feire demokratiet og sjølvstendet for landet vårt. Det betyr mykje for dei som må vere på vakt – og for pasientane. Det er ikkje så langt å gå!