Alfred Bjørlo:

– Vi må ikkje ta fred og fridom for gitt

Det er VÅR kamp. Vårt ansvar. Det er vi som no har arva freden som vart skapt i 1945 – og vi som ta han vidare også i ei tid kor verda er meir uroleg enn på lenge, sa ordførar i Stad, Alfred Bjørlo i si tale under markeringa av 8. mai.

Ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, held tale under markeringa av 8. mai.   Foto: Olin Maria Yri

Meiningar

Kjære alle saman: Gratulerer med dagen!

Om nokon ved starten av dette året hadde fortalt at vi tre månader seinare skulle leve i ein «nasjonal unntakstilstand» med reiseforbod, stengde skular og barnehagar, forbod mot å gje kvarandre ein klem og forbod mot å samlast fleire enn fem – så hadde nok dei fleste av oss berre trekt på smilebandet.

Berre tre månader seinare, var alt dette blitt vår nye kvardag. Vi hadde lest om pandemiar, vi visste at dei fanst og teoretisk sett kunne kome også til vårt land – ja, til og med laga nedskrivne planar for kva vi skulle gjere viss det skjedde.

Men vi var ikkje BUDDE. Ikkje eigentleg. Vi hadde ikkje ein gong sørga for å kjøpe inn grunnleggande verneutstyr i tilstrekkelege mengder – ei lita investering i tilfelle det faktisk skjedde.

Det seier mykje om vanskeleg det er å ta inn over seg at livet faktisk over natta kan bli heilt annleis enn det vi er vande med til dagleg.

Det var det som skjedde i Noreg 9. april 1940 – i eit omfang som sjølvsagt langt overgår koronautbrotet i 2020 i omfang og konsekvensar. Men prinsippet er det same. Vi var ikkje budde. Vi klarte ikkje å sjå føre oss i åra før andre verdskrigen at fred og fridom ikkje var sjølvsagt.

Og for dei fleste av oss er andre verdskrigen så langt unna i tid at det er vanskeleg eigentleg å forstå kva det vil seie å leve i krig. Vi har enno tidsvitne blant oss – men dei blir stadig færre.

Difor er det å markere frigjeringsdagen viktig – også 75 år etter. Ja, det blir ikkje mindre viktig for kvart år, men tvert imot meir viktig etter kvart som tidsvitna blir færre. Fordi vi ikkje må gløyme. Vi må ikkje ta fred og fridom for gitt.

Difor er eg glad og stolt over at vi er samla her i dag for å feire freden – her ved «Sørgende Mor», minnesmerket over dei nordfjordingane som ofra livet i kampen for fedrelandet i krigsåra 1940–45.

Det er sterkt å tenkje på at grunnlaget for dette monumentet ikkje vart lagt etter krigen, men allereie i 1941 – medan andre verdskrigen raste på sitt verste, medan Kongehus og Storting var i eksil, medan det meste av Europa var okkupert av nazistane.

Då, sommaren 1941, samla styret i ungdomslaget i Nordfjord, Firda Ungdomslag, seg og gjorde følgjande vedtak: "Firda ungdomslag tek opp arbeidet for å reisa minnesmerke for alle dei nordfjordingar som fall i krigen. Det er meininga å få dette minnesmerket reist når krigen er slutt."

Ikkje "om krigen tek slutt", men "når».

Fire år seinare – 8. mai 1945 – kom dagen. Okkupasjonen tok slutt. Mellom alt som då måtte gjerast for å bygge landet og samfunnet opp att, tok Firda Ungdomslag opp att arbeidet med å reise minnesmerket over dei frå Nordfjord som fall i krigen.

Dei samla inn pengar i heile Nordfjord, med formannen i laget, Einar Skarstein frå Olden, som drivande kraft. Og dei engasjerte ein av dei fremste skulptørane i Noreg, Dyre Vaa.

I 1950 kom den store dagen. Over 2.500 menneske var då samla her på Plassen for å avduke monumentet vi no står attmed. Og vi skal merke oss det dei sa ved avdukinga: Monumentet bak oss skal ikkje berre vere eit minne om fortida, men like mykje ein ".. appell til komande slekter". Ei påminning om "..å halde plikt- og offerbodet lysande for auga", og om "..i dagleg livsføring ikkje setje fridomen i spel på ny".

Om å vere budde til å stille opp på nytt dersom det skulle røyne på.

Det ansvaret må vi ta. Kampen for fred og fridom tar aldri slutt – og kan aldri bli tatt berre av «alle andre».

Det er VÅR kamp. Vårt ansvar. Det er vi som no har arva freden som vart skapt i 1945 – og vi som ta han vidare også i ei tid kor verda er meir uroleg enn på lenge. Med å byggje eit sterkt forsvar nasjonalt – men også ved samarbeide internasjonalt. Fordi krig – akkurat som epidemiar – ikkje kjenner landegrenser.

Dei kanskje viktigaste grepa som vart tatt i åra etter andre verdskrigen var å skape sterke internasjonale institusjonar – slik som FN, NATO og dei nye og sterkt utvida Genève-konvensjonane som har sitt utspring i Røde Kors.

Alle desse internasjonale institusjonane – og mange andre – er i dag under større press enn på mange år. For meg er ein viktig del av arven etter 1945 å stå opp for desse – også når isolasjonistiske krefter i mange land trugar dei. Vi er éi jord – eitt folk – anten vi snakkar om klimakrise, epidemiar eller krig. Vi kan berre finne vegen ut av dei store krisene saman.

Ein av dei viktigaste internasjonale institusjonane som vart skapt etter 1945, og som enno fungerer, er FN sine fredsbevarande styrker. Titusenvis av norske menn og kvinner har vore ute i internasjonal teneste for det norske flagget frå 1945 til i dag – hovudsakleg i desse styrkane, men også i andre internasjonale operasjonar.

Det å vere ute i krig, og det å vere heime og leve eit kvardagsliv – det er to ulike liv. For oss – det store fleirtalet som berre har opplevd «kvardagslivet» – er dette utruleg vanskeleg å leve seg inn i. Dei som har vore ute i internasjonal teneste i krigsområde er i kvardagen åleine med opplevingane dine, åleine med minna. Det «synest ikkje på dei» – men dei kan aldri legge minna bak seg. Dei må leve med dei resten av livet.

Difor er slike markeringar som vi har her i dag viktige. Vi treng å bli mint på kva for ein innsats veteranane våre har lagt ned, og kva de har vore med på. Og vi treng ikkje minst å minnast dei som ofra alt – som ofra livet for at vi skulle få leve vidare i eit fritt land.

Difor vil eg her i dag – på vegner av Stryn, Gloppen og Stad kommune – få takke på det varmaste dykk som er her i dag som veteranar frå Nordfjord – og legge ned ei blomehelsing på minnesmerket til dei frå Nordfjord som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940–45.

Vi er dykk evig takksame. Fred over dykkar minne.