Sveinung M. Pile:

– Mange har ofra mykje, nokon har ofra alt

I dag markerar vi at Norge vart frigjort etter 5 år med okkupasjon frå 1940 til 1945. Vi heidrar alle dei som ofra så mykje for at det norske folket igjen skulle oppleve frihet. Og vi heidrar alle dei norske soldatane som har bidrege i operasjonar i utlandet. 8. mai er også Norges nasjonale veterandag, sa Sveinung M. Pile frå HV 11 i si tale 8. mai.

TALE: Sveinung M. Pile frå HV 11 var ein av fire som heldt tale under markeringa av 8. mai.   Foto: Olin Maria Yri

Meiningar

Kjære veteranar, veteranfamiliar og alle andre.

I dag markerer vi at Norge vart frigjort etter 5 år med okkupasjon frå 1940 til 1945. Vi heidrar alle dei som ofra så mykje for at det norske folket igjen skulle oppleve fridom. Og vi heidrar alle dei norske soldatane som har bidrege i operasjonar i utlandet. 8. mai er også Norges nasjonale veterandag.

Frigjeringa i 1945 kom ikkje av norsk innsats åleine, den var eit resultat av dei allierte si samla innsats i heile Europa. Vilja til å bidra for fellesskapet på tvers av landegrenser er sterk i Norge også i dag. I dag feirar vi altså fridomen, heidrar alle dei som bidrog under krigen og alle de som har bidrege i tida etterpå.

8. mai er ikkje ein dag spesielt for dei militære, sjølv om den militære innsatsen står sentralt. Mange av dei som bidrog mest var sivile, dei som opplevde tapa var sivile og ikkje minst var dei fleste soldatane mobilisert rett frå sitt sivile virke. Det er også viktig å hugse på den store andelen kvinner som bidrog under okkupasjonstida, ofte med svært stor personleg risiko. Den gangen var det ikkje mange kvinner i Forsvaret, men når krigen var eit faktum var det dei beste som sto fram, mann eller kvinne.

Mange menneske har blitt heidra for sin innsats under den 2. verdskrig. Samtidig veit vi at det framleis er mange som ikkje har fått den anerkjenninga dei fortener, både for militær og sivil innsats. Det blir utført eit stort arbeid over heile landet for å gje denne anerkjenninga og Heimevernet har fått rolla som Forsvaret sin representant. Vi vet også at det er ein del menneske som har gjort ein betydeleg innsats, men som ikkje ynskjer merksemd rundt dette. Det skal vi respektere, men innsatsen skal vi ikkje gløyme.

Dagen i dag er også veterandagen. Men kva er eigentleg ein veteran? Veteranar er personell som på vegner av den norske stat har deltatt i ein militær operasjon heime og utanlands. Operasjonane kan ha vore under norsk, alliert eller FN kommando. Veteranar er altså menneske som har valt å gjere ein særleg stor innsats for fellesskapet, ofte med stor risiko for seg sjølv. Våre veteranar representerer dei verdiane som vi slost for under den andre verdskrig og dei verdiane vi ynskjer å vareta i eit moderne demokratisk samfunn. Å verne om samfunnet sine verdiar, og stå opp mot det som trugar eit demokratisk samfunn, vil alltid vere eit ansvar for soldaten på vegner av oss andre.

Kvifor er det viktig å anerkjenne denne innsatsen? Det er no 75 år sidan frigjeringa av Norge og tidsvitna er blitt færre. Når Rønneberg, Sønsteby og dei andre vetarane er borte så er det vi som skal vidareføre historia og minne om ordspråket «Aldri meir 9. april».

Godt over 100 000 nordmenn har tenestegjort i meir enn 40 land over hele verda sidan 2. verdskrig. Trugslane har endra seg, oppgåvene har vore forskjellige, men felles for alle veteranar er vilja til å bidra for utvikling av fred og tryggleik for menneske over hele verda.

Det å tenestegjere i utanlands operasjonar er noko spesielt som kan vere vanskeleg å forklare for omverda. Ekstreme fysiske og psykiske påkjenningar, stor usikkerheit, rutinar og trøyttande stundar, tette kameratslege band. I operasjonar utanlands opplever ein alt og situasjonen kan skifte på sekund. Nokon har mista sine beste vener, nokon har sett og opplevd dei mest grufulle handlingar menneske kan utføra. Dei menneska som har vald å bidra har tatt eit val som er langt større enn seg sjølv. Det er menneske som tar slike val som bidrog til frigjeringa av Norge 8. mai 1945 og det er slike folk som har bidrege til fridom for folk i ei rekke land sidan 1945.

Dei fleste veteranar er nå sivile utan fast tilknyting til sine tidlegare avdelingar. Det går veldig bra med dei aller fleste veteranar, men alle bringar med seg erfaringar og minner som for dei fleste er ein ressurs. For nokon går det ikkje like bra. Om det er fysisk eller psykisk skade så er samfunnet si anerkjenning av innsatsen grunnlaget for å finne vegen tilbake. I mange tilfelle handlar dette om å ta ansvar og samordne ressursar på kommunalt nivå. Difor er det gledeleg at stadig fleire kommunar har tatt oppmodinga frå Forsvaret om å utvikle eigne veteranplaner.

Familien er veteranen sin viktigaste støttespelar, men også dei som betaler prisen for den innsatsen veteranen har lagt ned. Difor er det så viktig at vi møter veteranfamiliane med interesse, forståing og anerkjenning. 8. mai er ein dag kor vi også heidrar veteranfamiliane. Utan familien vil alle soldatar ha langt mindre å kjempe for.

Eg vil til slutt få takke for at de fann tid til å feire fridomen og anerkjenne veteranane og familiane deira her i dag.

Mange har ofra mykje, nokon har ofra alt.