Innlegg:

Gode samarbeidspartnarar!

Leiinga og styret i Hotel Alexandra AS ynskjer å gjere sitt for at tilsette, kundar, eigarar og lokalsamfunnet skal kome frå denne krisa på ein best mogeleg måte.

KRISETID: Richard Grov ved Hotel Alexandra har i dette innlegget tankar rundt koronatid og reiseliv.Foto frå Loen Skylift.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Meiningar

Vi trur vi gjer dette best med å kome i gang med drifta av alle våre selskap på ein trygg og god måte så fort som råd. Alle taper på stillstand over for lang tid.

Samfunnsrekneskapen

Om vi reknar med selskapa Hotel Loenfjord, Loen Active, Loen Appartements, Hoven Restaurant og Loen SkyLift, så utgjorde omsetning i 2019 om lag 275 millionar kroner. Vi hadde nesten 200 årsverk og i sommarmånadane nesten 400 i arbeid. Lønnsutbetalingane var på om lag 100 millionar kroner.

Samla investeringar i våre selskap var i 2019 på 93,7 millionar. Vi har i alle år kjøpt det aller meste av både varer og tjenester lokalt.

Kvart år har vi mellom 100.000 og 110.000 overnattande gjester ved våre to hotell. Vi har 115.000 reisande med Loen SkyLift og 15.000 som klatrer Via Ferrata.

Vi vil tru at butikkar, andre overnattingsverksemder og serveringsstadar nyt godt av vår aktivitet. Vi trur også at vi representerer eit godt og variert tilbod til fastbuande i heile regionen.

Alt dette gleder vi oss stort over. Men det gir oss også eit stort ansvar. Difor dette initiativet for å kome tilbake som vertskap, arbeidsgjevar og bidragsytar i regionen så fort som mogeleg. For å stå godt rusta når denne krisa er over, er det heilt avgjerande å få flest mogeleg av dei tilsette i arbeid igjen for å sikre oss den gode kompetansen dei representerer.

Vil vi klare oss?

Dette er ikkje eit «sytebrev». Difor prøver vi å vere konstruktive, invitere til samarbeid og kome med forslag på tiltak som kan gi både bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk gevinst. La oss likevel dvele litt med kva denne situasjonen betyr økonomisk for oss.

Med null i inntekter går Alexandra og dotterselskapa med om lag 3 millionar i underskot før avskrivingar, kvar månad. Slik kompensasjonsordninga i dag verkar, vil berre 40 prosent av dette bli dekka. I tillegg betyr stengte verksemder forfall, tap av marknadskraft, tap av kompetent personell og forvitring.

Nye låneopptak vil kunne få oss over den likviditetsmessige kneika, men svekker vår langsiktige konkurransekraft.

Dagens støtteordningar må justerast

Myndighetene identifiserte tidleg at reiselivs- og turistnæringa ville bli særskilt hardt ramma og uttrykte sterk vilje til å bidra. Vi er ikkje i tvil om at viljen til å hjelpe var og er reell.

Vi opplever imidlertid at tiltaka ikkje har treft blink, og etter det vi kan forstå vil kun ein liten del av dei øyremerka midlane kome bedriftene til gode.

Vi ber derfor politikarane og embetsverket så snart som mogeleg evaluere tiltaka og gjere kontantstøtta meir treffsikker slik at bedriftene får reell avlasting i denne kritiske fasa.

Vi har mange forslag til korleis dagens ordning kan gjerast betre. Mellom anna bør den ikkje vere dårlegare for oss som vel å eige sjølve, fram for å leige. Dette vil vi gjerne kome tilbake til i direkte dialog med styresmaktene og organisasjonane som har myndigheit til å bestemme dette.

Kva må til på kort sikt?

1. Fyrst av alt må vi, i samarbeid med lokale og sentrale myndigheiter, bli samde om føresetnadane for drift. Det betyr at vi snarast håper å bli samde om kva tiltak som skal til for at vi igjen kan ta i mot gjestar.

I tillegg til å ta omsyn til smittevernreglane, må dei også tilpassast verksemdene sine praktiske og økonomiske rammer. Difor er det heilt avgjerande at disse blir utarbeidd i fellesskap. Vi veit at det er eit regionalt initiativ på gang for å få dette til. Det støttar vi fullt ut og håpar det gjev resultat snarast.

2. Vi må også vere trygge på at kompensasjonstiltaka som styresmaktene har sett inn, vil vare over lenger tid. Ei utviding ut året i fyrste omgang er eit minimum.

3. Vi må få forsikringar om at ei avgrensa drift ikkje svekkjer vår evne til å få støtte. For eit stort hotell som Alexandra vil ei avgrensa drift kunne gi større underskot enn om vi vel å halde heilt stengt.

Vi er overtydde om at for regionen vil den samfunnsmessige gevinsten ved at vi kjem i gang igjen, vege opp for dette. Men prisen kan ikkje Alexandra betale åleine. Ringverknadane av reiselivet i lokalsamfunna er betydeleg og vil skape aktivitet og optimisme igjen. Noko alle sårt treng.

Vegen vidare!

Det er vegen vidare vi fokuserer på no. For svaret på om vi klarer oss er «ja»! Vi skal, og vi må klare oss! Men til lenger vi må vente på viktige avklaringar, til vanskelegare blir det.

Kva som blir løysingane og ordningane på lenger sikt ynskjer vi sjølvsagt å kunne ha innverknad på.

Vi lit også på myndighetane og våre interesseorganisasjonar. Vårt aller sterkaste fokus no er å kome i gang med ei forsvarleg drift så fort som mogeleg. Det skal vere vårt bidrag.

Alle våre tilsette er klare til å gå i gang på kort varsel. Hotella, SkyLift’n og Via Ferrata er i tipp topp stand og venter på gjestene. La oss få lov å vise kva vi kan!