Innlegg:

Støttar innbyggjarinitiativet

Falck Renewables Vind AS har søkt om dispensasjon fra arealdelen til kommuneplanen for bygging av tilkomstveg til Okla vindkraftverk. Søknaden blei innvilga i utval for Areal og Eindom 28/4. I kommunestyremøte torsdag 7/5 skal innbyggjarinitiativet angåande saka handsamast.

OKLA: Eg meinar at kommunestyret bør omgjere vedtaket og avslå søknaden, skriv Bent-Inge Borgund, Stad SV.  

Meiningar

Eg meinar at kommunestyret bør omgjere vedtaket og avslå søknaden. Eller eventuelt oppheve vedtaket og be administrasjonen gjere ei grundigare utgreiing av saka. For å vurdere dispensasjon fra arealplan må ein ha tilstrekkelig og riktig informasjon. Ein må få belyst alle konkrete ulemper opp imot fordelane av utbygginga. Etter mitt syn må der vere klar overvekt av fordelar for å gje dispensasjon.

Det vart sagt i saksutgreiinga at ein ikkje fant grunnlag for å avslå søknaden. Men det er vel ikkje slik at ein nødvendigvis har rettslig krav på å få søknaden godkjent, sjølv om vilkåra er oppfylt? Her har kommuna mulighet til å avslå etter skjønn dersom ein finn inngripa for store. Det vart vidare sagt i saksutgreiinga at det vil vere mindre landskapinngrep enn opprinneleg vegtrase. Men det er ikkje slik at det føreligg forslag til to vegar ein skal velge mellom. Det er ein konkret dispensasjonssøknad i forhold til ny vegtrase søknaden gjeld. Om ein finn det forsvarleg å gje dispensasjon fra arealplan for å byggje den, med dei inngrep det vil medføre i eit verdifullt og sårbart miljø som er regulert til LNF- område. Og om ein finn det riktig ut i frå gjeldande regelverk. Den aktuelle vegen er fleire km lang, den skal vere brei nok til å nyttast av tungtransport som skal frakte store konstruksjonar og turbinblad. Den krysser elver, den vil passere tett på område med fleire ansvarsartar, den vil gå gjennom kystlynghei og den vil påvirke kystmyr av stor regional og nasjonal verdi. Ei slik utbygging vil heilt klart gje store negative konsekvenser. Dette har også fylkesmannen påpeika.

Arealplanar og reguleringsplanar er blitt til gjennom prosessar som sikrar informasjon og medvirkning. Stadige lettvinte dispensasjonar vil kunne svekke arealplanar som styringsverktøy. Og i dette tilfelle vil det og føre til at ein vil øydelegge verdifull og uberørt natur.