Leiar

Uro omkring meir oppdrett i Nordfjord

Eide Fjordbruk ønskjer å drive oppdrett i Ervikskorane, stikk i strid med kva grunneigarane og bygdefolket i Ervik ønskjer.

LENGER FRÅ LAND: Kommunedirektøren kjem med sterk tilråding om ei plassering som gjev mindre konflikt i samband med eventuelloppdrett ved Ervikskorane.  Foto: Kart frå søknad

Vi forstår frustrasjonen hos grunneigarane og bygdefolket i Ervik.

Meiningar

Vi forstår frustrasjonane hos grunneigarane og bygdefolket. Dei opplever at planane og søknaden er forsøkt å få gjennom stilt og fredeleg, helst utan at nokon får nyss i dei.

Bygdefolket viser mellom anna til at forholda i fjorden var ein av grunnane til at kommunestyret i Eid for ein del år sidan vedtok at det berre skulle leggjast til rette for oppdrett på sørsida av fjorden. No fryktar dei at dette berre var fine ord.

Bygdefolket viser også til at bruken av naturen og nærområdet langs fjorden på land, og langs land på fjorden, vil verte forringa om Eide Fjordbruk får klarsignal. Det er berre å sjå korleis det har vorte andre stadar der anlegg er etablert.

No kjem kommunedirektøren i Stad med ei sterk tilråding om at det planlagde oppdrettsanlegget vert innskrenka, slik at fortøyingar/ankringspunkt i vest vert trekt lenger ifrå land, og dermed skaper mindre konflikt med annan bruk av sjøarealet. Det verkar fornuftig.

Det vert mellom anna vist til at anlegget ser det ut til å ligge så nærme land at dei vil vere til hinder for annan bruk som fiske, friluftsliv og oppankring av båtar. Med andre ord akkurat det bygdefolket sjølve har hevda heile tida.

Eide Fjordbruk påpeikar at dei søkjer på gjeldande arealplan, og bygdefolket ber innstendig politikarane om å bruke sjansen dei har til å vere ansvarlege og gjere noko med dette.

Det verkar urimeleg at aktørar utanfrå kan støvsuge kommuneplanane i fjordkommunar på Vestlandet, for å finne eigna areal for produksjon. Dette er også i sterk kontrast frå sentrale styresmakter som har signalisert at produksjonen langs Vestlandet skal reduserast, ikkje aukast. Då er det eit paradoks at det skal kome nye anlegg i Nordfjord.