Innlegg

Nordfjordakademiet skal styrkje arbeidslivet lokalt

Planen om å realisere eit tettare samarbeid mellom skular og næringsliv, samt fokus på rekruttering i Nordfjord hjå både den private og kommunale sektoren, har no byrja ta form. Som ein del av realiseringa av desse planane starta eg som dagleg leiar i Nordfjordakademiet i starten av mars.

Regionen vår har uendeleg med moglegheiter, og for å gripe desse må ein jobbe meir langsiktig for å sikre folka og kompetansen som skal utløyse dette potensialet, skriv Tonje Bjerkan, dagleg leiar i Nordfjordakademiet  Foto: Presse

Meiningar

Det er ei velkjent problemstilling at alt for mange nordfjordingar ikkje kjenner til kva arbeidsmogelegheiter og næringsliv som finst i regionen. Samstundes er det mange arbeidsgjevarar som ikkje kjenner til kva arbeidskraft som er tilgjengeleg, og dei har heller ikkje eit nettverk som strekkjer seg ut til utflytta nordfjordingar som kanskje kunne tenke seg å kome heim att. Dette vil Nordfjordakademiet endre på, i godt samarbeid med Nordfjord Opplæringskontor. Nordfjordakademiet skal mellom anna vere eit knutepunkt mellom arbeidslivet, dei som bur og arbeidar utanfor regionen og dei som har interesse av å flytte hit. Nordfjordakademiet er eit naturleg steg i utviklinga av eit større tilfang av arbeidstakarar i Nordfjord. Årleg brannslukking er ikkje lenger nok, men ein må tenke strategisk med ein lang tidshorisont. Opplæringskontoret har dei siste åra bidrege til eit tettare samarbeid mellom skular, organisasjonar og bedrifter gjennom «superlærling»-konseptet, og dette ønskjer ein no å ta breiare ut gjennom Nordfjordakademiet. Regionen vår har uendeleg med moglegheiter, og for å gripe desse må ein jobbe meir langsiktig for å sikre folka og kompetansen som skal utløyse dette potensialet.

Vil auke kompetansen på å velje Nordfjord

Gjennom Nordfjordakademiet håpar ein å vise fram Nordfjord sitt attraktive arbeidsliv og vidareutvikle det til å bli betre på rekruttering, kompetanseutvikling og trivsel for unge medarbeidarar. Hovudfokuset framover vil først vere å komme i gang med å byggje opp eit system for å følgje opp utflytta ungdomar som er under utdanning i andre delar av landet, samt starte på jobben med å etablere eit opplegg for barn og unge for å sikre at dei får større kompetanse til å velje rett yrkesveg før dei eventuelt flyttar ut.

I dette arbeidet er det sentralt at ein må bli endå betre på å gje barn og unge kjennskap til dei fantastiske moglegheitene som ligg innan arbeidslivet vårt i Nordfjord. Å halde ungdomane inspirerte og informerte frå tidleg alder og heilt fram til dei skal gjere karrierevala sine er kritisk for at fleire skal velje arbeidsplass lokalt. På lang sikt håpar ein å følgje opp barn og unge heilt i frå barnehagen, gjennom ungdomsskulen til dei er ferdige med vidaregåande og reiser ut på høgare utdanning. Gjennom god dialog og god oppfølging vil vi få fleire til å returnere til Nordfjord, anten som arbeidstakar eller gründerar. Nordfjordakademiet vil i tida framover jobbe for å knytte til seg bedrifter, kommunar, skular og andre aktuelle samarbeidspartnerar.

Eg er sjølv heimflyttar til Stryn etter 15 år i Australia. Med ein bachelor i kommunikasjon, ei mastergard i marknadsføring og erfaring frå eitt av Australia sine leiande universitet, Edith Cowan University, har eg god innsikt i arbeidet ved høgare utdanningsinstitusjonar og samarbeid med studentar. Eg flytta heim til Stryn i februar i år saman med mann og barn, og står fram som eit døme på kva som skal til for at nokon tek valet med å flytte heim til Nordfjord.

Eg var heldig som raskt kom eg i jobb, men det er mykje som skal på plass når ein tek eit val om å flytte heim. Ofte er det ikkje berre snakk om å finne jobb til ein, men til to. Så skal ein i tillegg ha ein plass å bu, tilgang til barnehage, skule og eit støttande sosialt nettverk. Målet med Nordfjordakademiet er ikkje berre rekruttering, men òg at ein skal kunne legge til rette for at dei som vel å flytte heim får tilgang til eit sosialt nettverk og relevant kompetanseutvikling slik at dei vert verande i Nordfjord.

God lokal støtte

Igjennom samarbeidet med Nordfjord Opplæringskontor har eg som dagleg leiar allereie vore ute og vitja nokre av superbedriftene i Nordfjord. HS Bygg var den første medlemsbedrifta som kom på plass, og i vekene framover har akademiet avtalt samtaler med ei rekke nye samarbeidspartnerar. Lokalt er det stor positivitet rundt etableringa av Nordfjordakademiet, og det er tydeleg at bedrifter og kommunar er klare for ei ny satsing som vil fokusere på samspelet om rekruttering til regionen, samt forholdet mellom det lokale arbeidslivet og skulane.

Stryn Næringssamskipnad er mellom dei som sterkt støttar opp om tiltaket og er særs positive då dei ser at det er eit behov for at Nordfjord må stå saman om eit tiltak for å rekruttere tilbake til regionen. Dei håpar at Nordfjordakademiet vil sørgje for at endå fleire kjem tilbake og legge til rette for at bedriftene får tak i den kompetansen dei treng for å utvikle seg vidare. Ikkje minst er det veldig viktig at ein samarbeider for å promotere Nordfjord som ein attraktiv felles bu- og arbeidsmarknad.