Leiar

Alle er prega

Alle delar av samfunnet vårt er djupt påverka av koronapandemien. No er alt på vent, og det gjer noko med oss.

Samfunnet er påverka av koronapandemien, men vi står i det i fellesskap.   Foto: Arkiv

Vi kjenner på det usikre som ligg i tida som ventar oss. Vi står i det – i fellesskap.

Meiningar

Informasjonsbehovet er stort, og alle journalistar jobbar hektiske dagar for å få ut stoff og halde tritt med korleis situasjonen utviklar seg. Fjordabladet er ikkje noko unntak. Avishuset er stengt, og mykje av sakene våre på nett og papir vert laga frå heimekontora våre rundt om.

Det er viktig at vi ikkje mister motet. Stenginga av Norge kan bli langvarig. Vi er sjokkerte, bekymra og litt redde. Vi kjenner på det usikre som ligg i tida som ventar oss. Vi står i det – i fellesskap, medan vi drøymer om å få livet vårt tilbake til det normale.

Rundt oss avgrensar butikkane opningstidene sine. Mange ser ikkje anna råd enn å permittere dei tilsette, og midlertidig stenge. Kafeane og restaurantane får uansett ikkje folk innom dørene. Alle held seg heime.

Ein er uroa på kor langvarig dette kjem til å bli, prøver å aktivisere barna våre og drive heimeskule, samtidig som vi surfar gjennom kvardagen og arbeidslivet vårt frå heimekontor.

Det er mange som gjer ein ekstra innsats i desse koronatider.

Takk til alle kvardagsheltane som held lokalsamfunnet vårt i gang; helse -og omsorgsarbeidarar, transportørar, renovasjonsarbeidarar, butikkfolk og media.

Det er lett å gløyme bøndene som «likevel berre er der». Men koronaviruset har gitt oss ei kraftig påminning om viktig det er at vi har matproduksjon her i heimlandet. Takk til bøndene som sørger for at det finst mat å fylle opp butikkhyllene med.

Kjem du deg ikkje på butikken for å handle i desse korona-tider? No har frivilligsentralane i Eid og Selje tatt grep. Fleire frivillige stiller opp for å handle og levere til deg som treng det. Trass sørgelege tider rundt oss er dette noko som varmar. Fellesskapet stiller opp og hjelper til. Takk!