Leiar

Når ja blir nei

Vestkapp Holding fekk ja til å sette opp såkalla overnattingspodar på Vestkapp frå sommaren av.

OVERNATTINGSPODAR: Vi håper alle partar – Stad kommune, gründerar og naboar, kan kome kvarandre i møte og saman finne ei konstruktiv løysing. 

Vi har tru på at ein kan få til både nyskaping og utvikling av Vestkapp.

Meiningar

Men då tre veker var gått fekk Stad kommune kalde føter. Dei tok ei heilomvending med kontrabeskjed – og ja-løyvet vart konkludert med at det var ugyldig.

Vi kan sjølvsagt spekulere om det skal vere så enkelt – at kommunen vår først gjer eit vedtak, for så å gjere det om nokre veker seinare. Alle forstår at ein slik prosedyre skapar vanskar for alle partar. Og vi håper det er siste gong det skjer.

Årvik grunneigarlag hadde i mellomtida kome med merknadar til nabovarselet over ting dei uroa seg for i samband med planane på Vestkapp.

Dei er veldig bekymra for kva som vil skje med området, og meiner mellom anna at planane vil vere ein direkte provokasjon for dei som har til hensikt å leve og bu, og ivareta området på ein best mogleg og berekraftig måte.

Vestkapp er eit sårbart og spesielt område. Det er viktig at prosessen skjer på ein ryddig måte, der alle partar vert høyrt.

Samtidig forstår vi frustrasjonen frå gründerane som har gjort som Selje kommune bad om, og difor søkte om midlertidig tiltak.

Det verkar også svært merkeleg at nye Stad kommune klarer først å gi løyve – for deretter å bråsnu frå ja til nei når dei får kalde føter. Det er absolutt ikkje heldig det som har skjedd.

Vi har tru på at ein kan få til både nyskaping og utvikling av Vestkapp, samtidig som ein høyrer på naboane. Vi håper alle partar – Stad kommune, gründerar og naboar, kan kome kvarandre i møte og saman finne ei konstruktiv løysing. Nøkkelen er å få til eit godt samarbeid.