Leiar

Lokal veg er mest rasutsett i landet

Den lokale vegen – fylkesveg 5744 – til Navelsaker er den mest rasutsette vegen i heile landet.

VEG: Fylkesveg 5744, Fossebakken – Navelsaker (Navelsakerstranda) er den vegstrekninga i landet som har høgast skredfaktor i landet. På ein skredfaktorskala frå 1 til 9 har Navelsakerstranda 6,7, det er blant dei høgaste i landet. Ingen kan i dag love at denne vegen vert rassikra i det heile.  Foto: Mariann Navelsaker

Ingen kan i dag love at denne vegen vert rassikra i det heile.

Meiningar

Det er ikkje ei bragd å skryte av akkurat, og vi forstår at folket i bygda er frustrerte. Men at vegen er her rasutsett er ikkje nytt, og innbyggjarane er vande med å ta omsyn, planlegge og ha ein buffer i tilfelle det skjer igjen.

Ei skredsikring av den lokale vegen til Navelsaker – med tunnel – er førebels kostnadsrekna til 460 millionar kroner.

Fylkesvegen har ligge på fylkespolitikarane si liste i mange år, men sjølv om Navelsakervegen er den mest rasutsette vegen i landet er det ingen automatikk i at denne står øvst på prioriteringslista når pengane ein gong skal gravast fram.

Ingen kan i dag love at denne vegen vert rassikra i det heile.

Folket på Vestlandet bur i eit distrikt der samferdsle er ei utfordring, enten ein må planlegge reisetid i forhold til når ferjene går eller ikkje går, eller når vêr og vind utfordrar oss med stengde vegar på grunn av ras eller anna.

Og vi veit at det er slik det er, og tar høgde for det.

Ni av dei ti mest rasutsette enkeltstrekningane i landet er i Sogn og Fjordane og Hordaland, kjem det fram i Statens vegvesen si oppstilling.

Dette viser kor store utfordringar ein står overfor når det gjeld skredsikring av vegane i distriktet vårt.

Spørsmålet er om vi framleis ønskjer å ha folk buande ute i distrikta, eller om målet er at alle skal flytte til byar og tettstadar – utan rasutsette strekningar i nærområdet.

Om vi framleis skal ha folk ute i distrikta må styresmaktene legge meir pengar på bordet, og som gjer Vestlandsvegane tryggare for folk flest.