Leiar

Ein må lytte til folket

Med flott fakkeltog på Seljesanden tysdag uttrykte folket si misnøye i bassengsaka. Dei er urolege over at dei planane som vart vedteke igjen er skrinlagde.

FAKKELTOG: Tysdag uttrykte folket si misnøye i bassengsaka då dei gjekk i fakkeltog.   Foto: Tormod Flatebø

Det er påfallande at ingen politikarar stilte opp på arrangementet.

Meiningar

Vi forstår frustrasjonen og at folk ønskjer at kampen om basseng skal ta slutt. Åra går utan at barna i tidlegare Selje kommune har vatn i bassenget. Dei får ikkje ei forsvarleg symjeopplæring som dei har krav på.

Det er påfallande at ingen politikarar stilte opp på arrangementet. Er dei ikkje interessert i å høyre kva folk meiner? Uansett om politikarane er ueinig eller einig i ei sak er det viktig å lytte til innbyggjarane.

Men i bassengsaka verkar det som dialogen dessverre går ein veg, og at administrasjonen i Stad kommune kan slå fast at «dei veit best». Kommunaldirektøren har orsaka at ordet skrinlagt vart brukt i saka. Det hjelper lite når det er det som sit igjen for folk flest – kjensla av at ein ikkje får basseng denne gongen heller og mangelen på dialog.

Det er ein tankevekkar når initiativtakar til fakkeltoget, Nanda Maack, seier at ho forventar at dei blir møtt med respekt og at den dialogen med lokalsamfunnet som skulle ha føregått før desse drastiske avgjerdene blei tatt, blir sett på dagsorden.

Ho har rett når ho seier at i ein heilt ny kommune treng vi fred til å bygge samhald, og ikkje arbeidsmetodar som skapar splid.

Sp signaliserer i dagens avisa at dei ser at det er behov for ei sterkare involvering av brukarane av eit symjebasseng i Selje. Det er ein riktig veg å gå.

Gode planar er ein viktig føresetnad for eit godt resultat, men på eit tidspunkt må ein faktisk gjennomføre.

Dei mange innspela til bassengsaka viser at engasjementet er stort. Eit velmeint råd er å invitere alle impliserte til folkemøte, med tovegskommunikasjon, der ein informerer – men også legg godt til rette for å få fram alle synspunkt frå folket i Stad kommune.