Leiar

47 år sidan sist vi hadde statsråd

Fredag vart Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid presentert som den nye klima- og miljøministeren i Solberg-regjeringa på Slottsplassen.

PRESENTERT: Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid vart før helga presentert som ny klima - og miljøminister. Det er 47 år sidan sist det var ein statsråd frå Nordfjord.   Foto: Anna Wuttudal

Det er hele 47 år sidan det var ein statsråd frå Nordfjord – før no.

Meiningar

På førehand hadde det vore mange spekulasjonar. Unge Venstre, Bergen Venstre og Vestland Venstre var mellom dei som forventa at eidaren skulle får ministerpost. Statsminister Erna Solberg valde å ta inn fleire unge inn i regjeringa si, også Rotevatn.

For Rotevatn og Venstre er dette stort, men fleire meiner at for Nordfjord og distriktet på Nordvestlandet kan det vere viktig å ha ei røyst inn i regjeringsapparatet, som ikkje berre kjenner hovudstaden best.

Sjølvsagt er det kjekt med ein statsråd frå Nordfjord, men om han på nokon som helst måtte skulle forfordele Nordfjord, så spørst det om han blir sittande lenge.

Det er heile 47 år sidan sist det var ein statsråd frå Nordfjord. Den gong var det John Andersson Austrheim (Sp) frå Gloppen som var samferdsleminister i Korvald-regjeringa. Det var han i eitt år frå 1972 til 1973.

Rotevatn blir på si side øvste sjef for departementet som han sidan 2018 har vore statssekretær i.

Det er store klimaforventningar til den nye miljøstatsråden Rotevatn. Det er også dei ulvemotstandarane som er svært misfornøgde med den nye statsråden, og har gitt uttrykk for det i sterke ordelag på sosiale media allereie.

I dagens avis fortel Rotevatn at han har vore opptatt av miljøspørsmål mest heile livet. Sjølv om trusselen er stor, så finst det ein veg til ei berekraftig framtid, meiner han, som ser for seg at nordfjordingane må over på elbil på sikt.

Vi gratulerer Sveinung Rotevatn med nytt verv!