Lesarinnlegg:

Stad skipstunnel – i mål med ny regjering?

Vi innrømmer å ha vore spent når regjeringa brått miste ein av partnarane denne veka.

VELREGISSERT: Før stortingsvalet i 2017 rulla regjeringspartia (Høgre og Frp) med støtteparti (Venstre og Krf) ut eit velregissert program i samband med offentleggjeringa av at Stad skipstunnel då var inne i første periode av Nasjonal Transportplan.   Foto: Jørn-Arne Tomasgard (arkiv)

20: Stad Skipstunnel har vore gjennom 20 rundar med utreiinga  Foto: Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket

Meiningar

Som næraste granne til Stadhavet, så har vi vore svært takksame for å ha hatt ein samferdselsminister frå Møre og Romsdal. Vi har hatt god tru på at Jon Georg Dale no kunne få den ære å sprenge første salven for Stad Skipstunnel. Budsjettdiskusjonane for 2021 er allereie i gong, og signala - med Dale ved roret - har vore positive til no i år. Skuffelsen ved å misse han var difor stor, så det har vore mykje undring i høve kva veg vi no skal gå.

Når no meldinga kom om at Knut Arild Hareide frå KrF vart ny samferdselsminister, har vi framleis Vestlandet ved roret. Hareide er ein vel akta politikar, frå eit parti som i årevis har helde fana høgt for skipstunnelen. Og når det også kjem fram at vi får ein eigen distriktsminister i regjeringa, frå same parti som midsundingen og leiaren i transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten, ja då må det vel vere rom for optimisme?

Stad Skipstunnel har vore gjennom 20 rundar med utreiingar, så no ligg alt til rette for gjennomføring. Førearbeidet er gjort, no er det budsjettmidlane som står att. Vonar diskusjonen i departementa vert lagt død, og at vår nye regjering tek styring og viser gjennomslagskraft, og seier JA, no kjem skipstunnelen!

Vi er van med motstand, vi som kjempar for samferdselsprosjekt, og skipstunnelen har vel hatt den lengste kanossagangen av alle? Diskusjonar om miljø og klima, reiseliv og turisme, varetransport, næringslivsvekst, hurtigbåttilbod, og det viktigaste av alt - tryggare ferd – med fokus på liv og helse. Heile vegen nye spørsmål, og nye utreiingar, ut frå utfordringar som ein kan kome på. Grunna redsel for brann har Det Norske Veritas har vurdert sjansen for brann og motorstans samtidig i ein skipstunnel som realistisk ein gong pr. 840 000 år. Er denne risikoen for stor til at vi ikkje skal bygge ein skipstunnel, som den første i verda, med fokus på tryggare ferds til havs? Er ikkje risikoen for oppleve ekstreme vêrforhold og fare for havari ved Stad litt høgare? Vi treng ikkje tenkje lenger tilbake enn til jula vi nettopp har passert, der fleire fartøy har ligge stilt i vern for uroleg vêr.

Vi vonar styresmaktene vel å ha fokus på kva som er viktig. Vi treng tryggare ferdselsåre rundt Stad. Vi ynskjer oss meir gods frå veg til sjø. Vi ynskjer oss ein spektakulær reisedestinasjon i konkurranse med verda sine sju underverk, og vi ynskjer at det skal verte mogleg å reise med hurtigbåt frå Bergen til Ålesund. Om ein er mest oppteken av miljøet, så bør ein fokusere på kva vi sparer miljøet ved til dømes å flytte hundre trailerlass pr. dag frå Gudbrandsdalen til sjøvegen. Kor mykje tryggare er det ikkje for andre å ferdast langs veg, om vi fekk vekk nokre av dei store bilane, og heller frakta konteinarar i skip langs kysten? Sjå gjerne gjennom Rolls Royce sin rapport frå 2018, der dei dokumenterer korleis forbruk av drivstoff, fart og passeringstid blir med tunnel kontra utan? Litt interessant er det, synest vi, at ein skipstunnel i høve denne rapporten kan redusere utsleppa med opp mot 60%. Rapporten konkluderer med at ein skipstunnel vil gje raskare gjennomfart for fartøy som går den indre leia mellom Ålesund og Måløy under dei rådande bølgjeforholda på kysten av Sunnmøre, og på Stadhavet i vinterhalvåret. Skipa vil bruke kortare tid og mindre drivstoff, og sleppe ut mindre klimagassar, og det må vel vere god musikk for vår nye klima- og miljøminister, Sveinung Rotevatn?

Vi vonar òg at ein ser på verdiskapinga som skjer langs kysten i vårt område. I følgje SSB-tal for 2017 står Møre og Romsdal for 9,6% av fastlandseksporten i Noreg. Målt etter innbyggartal eksporterer vi altså frå Møre og Romsdal for 150.440 kr pr. pers. I det som var Sogn og Fjordane er dei hakk i hæl med 129.538 pr. innbyggar. Samanliknar vi med eksport pr. innbyggar i Norge så er talet 79.035,- og i Oslo leverer kvar innbyggar for gjennomsnittleg 10.233,-. No er dei rett nok gode på børs, finans og forsikring i Oslo, men snakkar vi om levert arbeidskapital, så er det her på Vestlandet verdiar blir skapt. Ser vi på tala for fisk åleine, så står Møre og Romsdal og gamle Sogn og Fjordane for 26,7% av fastlandseksporten. Altså 24.7 av 92,2 mrd. kjem frå områda nærast Stad. For næringsminister Iselin Nybø må det difor vere viktig å bidra til å prioritere å bygge ein sikrare og meir føreseieleg arbeidskvardag for dei mange som lever av sjømat og næringar tilknytt eit livskraftig og uroleg hav.

Stad Skipstunnel har vore innom nok samferdselsministrar. Med Knut Arild Hareide i sjefsstolen, og med godt samarbeid i ny regjering, så trur vi no på å kome oss ut av startblokka.