1 stor tabbe

Her hadde dei all verdsens beste høve til å velje eit nasjonalt ikon som kommunevåpen, og så vel dei å setje Sankta Sunniva saman med ein hest!

Han eller ho som utforma kommunevåpenet, fortener rett nok ros og vellæte, men kor mykje betre hadde det ikkje vore om Sunniva hadde rådd grunne åleine i kommunevåpenet vårt, skriv Oddbjørn Heinum.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Det vart gjort 1 (eng.: one) stor tabbe i kommunesamanslåinga mellom Eid og Selje: At dei valde eller godtok skrivemåten /Stad/. Det hjelper lite å vite at uttalen skal vere /statt/ når den uttalen er eit totalt regelstridig unntak. Ordet /stad/ er blant dei vanlegaste i norsk, og uttalen er det ingen tvil om. Så når eg ser ordet /stad/, så seier eg /stad/, og skal eg lese /Stad/ som /statt/, må eg ta springfart for å få det til.

Eg tippar at uttalen /stad/ kjem til å slå igjennom. Korleis skal alle som kjem rekande til kommunen vår nord- eller sør- eller austfrå og ser kommuneskiltet vårt, vite at /Stad/ skal seiast /statt/?  Og at NRK- folka i Oslo eller Førde/Bergen skal gidde å lære seg noko slikt, er  berre håplaust optimistisk.

Nå ja, det vart vel gjort ein tabbe til: Kommunevåpenet. Her hadde dei all verdsens beste høve til å velje eit nasjonalt ikon som kommunevåpen, og så vel dei å setje Sankta Sunniva saman med ein hest! Forstod dei ikkje at det er forskjell på ein hest og ein helgen, den første ein heidensk heilagdom, og den andre ein kristen institusjon, som dessutan er det sentrale ikonet i heile den vestnorske kyrkjetradisjonen.

Han eller ho som utforma kommunevåpenet, fortener rett nok ros og vellæte, men kor mykje betre hadde det ikkje vore om Sunniva hadde rådd grunne åleine i kommunevåpenet vårt.