Leiar

Handel i endring

Alti Nordfjord hadde ny omsetningsrekord i fjor, og heile 1,3 millionar besøkjande var innom senteret i løpet av 2019. Det viser litt av inntrykket mange sit med – at det er fleire som kjem til Nordfjordeid enn før.

ENDRING: Vi skulle gjerne sett lys i alle vindauga i Eidsgata. Men samtidig må vi konstatere at ein viss endring av butikkar er naturleg i eit sentrum  Foto: inger træen

Ein kan ikkje berre låse opp butikkdøra om morgonen og håpe nokre kundar kjem innom.

Meiningar

Nokre hevdar at ein tur gjennom Eidsgata er dystert. Tomme butikklokale skrik mot ein, andre hevdar at netthandelen har skulda for at butikkar slit, og at nokon rett og slett kastar korta og stengjer.

Vi skulle gjerne sett lys i alle vindauga i Eidsgata. Men samtidig må vi konstatere at ein viss endring av butikkar er naturleg i eit sentrum. Nokon fell frå, andre kjem til. Og så får vi gå i oss sjølve og tenkje på kor aktive vi er eller ikkje er når det gjeld netthandel.

I dagens avis kan de lese om BergArt i Eidsgata om går mot straumen. Gullsmedverkstaden har aldri før gjort det så bra som i 2019, og som hadde ein rekordauke i omsetninga på heile 17,9 prosent i fjor. Det er drivverdig i Eidsgata, seier butikkinnehavar Kathrine Berg, og håper fleire torer å satse.

Vi trur ho har rett når ho seier at ein må vere positiv, gjere noko ut av det, og tilpasse seg marknaden. Ein kan ikkje berre låse opp butikkdøra om morgonen og håpe nokre kundar kjem innom.

Men handelen er i endring i alle tettstadar. På Nordfjordeid har politikarar opna opp for handel utanfor det som før vart rekna som Nordfjordeid sentrum. Når det no kjem nytt apotek på Myklebust/Stokkenes, er det resultatet av ein ny politikk. Tanken om at Eid Næringspark skulle vere for store einingar, held ikkje stikk. Dette fører til at Nordfjordeid sentrum et seg utover, og vi får meir bilbruk mellom butikkområda. Men samstundes er dette med på å trekkje endå fleire til Nordfjordeid, som er Nordfjord sitt regionale handelssenter.