Leiar

– Litt å tenkje på i høgtida vi no går inn i

Denne veka vedtok styret i Helse Førde budsjettet for neste år.

STORE INVESTERINGAR: Helse Førde signerte nyleg ein kontrakt som gjev Veidekke Entreprenør AS retten til å vere Helse Førde sin partner i arbeidet med å utvikle prosjektet nybygg somatikk, Livabygget. Prosjektet har ei ramme på kring 900 millionar kroner.  Foto: Anna Wuttudal

Litt å tenkje på i høgtida vi no går inn i. God Jul til dokke alle.

Meiningar

I ei pressemelding vert det vist til at, samanlikna med årets budsjett, så styrkjer Helse Førde personalkostnadene og aukar inntektene gjennom innsatsstyrt finansiering (ISF). Varekostnadene blir noko redusert, og budsjettet skal sikre vidare satsing på kvalitet i alle einingar. Det vert også opplyst at resultatkravet til helseføretaket blir redusert frå 36 til 26 millionar. Årsaka til dette er at Hornindal kommune frå nyttår blir ein del av Helse Møre og Romsdal, og at ramma til Helse Førde med det blir redusert med 14,9 millionar kroner.

Det er klokt av helseføretaket å legge opp til ei drift som skal sikre satsing på kvalitet i alle einingar. Med alle einingar reknar vi det som sjølvsagt at det handlar om lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid, og dei andre tilboda/tenestene Helse Førde har rundt om i fylket elles. I ei tid der det er lagt opp til store nyinvesteringar i bygg i Førde, kan det fort føre til at innsparingane som også må gjerast blir gjort der dei smertar mest. Nemleg hos dei som allereie er pressa mest frå før av, både på økonomi og på personellressursar. Difor er det no viktig at ein går inn i dei prosessane som heilt sikkert vil kome med opne auge.

Det vi ser rundt oss i helse-Norge uroar. Der vi ser at store investeringar ofte fører til store endringar, og i enkelte samanhengar nedlegging av tenestestader. Sjølv om det akkurat for augeblinken har stilna litt av hos helseføretaket på andre sida av fylkesgrensa i nord, så er ikkje den økonomiske floken løyst. Det betyr at det vil kome nye angrep på det totale tilbodet. Difor er det også så viktig for til dømes Volda sjukehus, å gjere seg lekkert for Nordfjordingane. Bit vi på den karamellen, så kjem regionen endå dårlegare ut. Difor er vi glade for at styret i Helse Førde no seier at ein skal vidareføre kvalitetssatsinga i alle einingar. Litt å tenkje på i høgtida vi no går inn i. Ha ei retteleg God Jul!