Leiar

– Behovet for ein møteplass for ungdom bør takast på alvor

Lensmann Tormod Hvattum meiner utfordringane i 2020 er ungdomsmiljøet i Eid. No ønskjer politiet å gå tettare på miljøet for å hindre at negative sider av det utviklar seg.

Lokalt har politiet krevjande saker med betydelege narkotikabeslag, familievald og overgrep. Hendingar som ikkje gjeld mange, men som likevel er der berre ein stikk hol på bobla i det trygge lokalsamfunnet vårt.  Foto: ILL.FOTO

Politiet sine signal om behovet for ein møteplass for ungdom bør takast på alvor.

Meiningar

Det er viktig at politiet er føre var, og at dei jobbar førebyggande.

Også her lokalt har politiet krevjande saker med betydelege narkotikabeslag, familievald og overgrep. Hendingar som ikkje gjeld mange, men som likevel er der berre ein stikk hol på bobla i det trygge lokalsamfunnet vårt.

Lensmannen konstaterer at der er eit gryande ungdomsmiljø ein ikkje ønskjer. Utagerande ungdomar som gjer skadeverk, og at der er trugsmål og vald i miljøet.

For politiet er det viktig at det blir tatt tak i, slik at det ikkje får utvikle seg.

Det lokale politiet konstaterer at fleire dei er i kontakt med etterlyser ein møteplass for ungdom, og ein ungdomskontakt som kan jobbe opp mot ungdom.

Lokalt er det flust av aktivitetar som ungdommen kan vere med på i fritida si. Men no er det ein gong slik at det er ikkje all ungdom som driv med idrett eller kultur. Av og til treng ungdommen berre ein stad å møtast – utan at det skal vere å henge saman i Sagaparken eller utanfor kjøpesenteret.

Våre lokale politikarar kan ikkje berre sitte på ein stol og vente til det utagerande ungdomsmiljøet har gått over. Ein kan meine sitt om ein ungdomsklubb, men politiet sine signal om behovet for ein møteplass for ungdom bør takast på alvor. Om ikkje er vi redd for at ungdomsmiljøet vi ikkje ønskjer oss skal få større grobotn, får nettopp det.


SV vil ta initiativ til utekontakt ot fritidsklubb

– Det er naturleg at ungdom utforskar, prøver og feilar