Lesarinnlegg:

Omkamp om Vestland

Utviding av Vestland fylke med Rogaland skal opp i Vestland fylkesting etter at gruppeleiar for Ap Anne Gine Hestetun har sendt interpellasjon. 

– Hittil har kritikarane av reforma fått rett. Lite av lovnadane i framkant av reforma er innfridde, så langt er det berre sentraliseringa vi sit att med, meiner Sigurd Reksnes.  Foto: Presse

Meiningar

Eg meiner det siste vi treng no er å grave politikarane på Vestlandet ned i nye prosessar på dette. Får Ap og Hestetun gjennomslag i fylkestinget, og Rogaland seier ja, vil all energi dei neste fire gå med til nye forhandlingar og lange drøftingar om intern organisering. Det vil vere direkte skadeleg for landsdelen.

Eg er uroa over at vestlandet tapar i kampen om vegmidlar og offentlege arbeidsplassar. På Austlandet vert det no bygd milevis med fire felts motorvegar, med dobbeltspora jernbane parallelt. Kring halvparten av samferdsmidlane nasjonalt vert brukt på Jernbane. Men her på Vestlandet er det nesten så ein bannar i kyrkja berre ein nemner at vi treng ein opprusta og ferjefri E 39 for å knyte landsdelen saman. Statsbyråkratiet veks, men veksten i statlege arbeidsplassar kjem i all hovudsak i Oslo området.

Eg meiner vi straks må gjere felles sak saman med Rogaland, og Møre og Romsdal for å få meir midlar til landsdelen og ei reell desentralisering av arbeidsplassar, makt og mynde frå statsbyråkratiet i Oslo. Vestlandet har enorme ressursar i folket som bur her og naturressursane. Vi som er politikarar her, må ta kampen for at våre områder vert satsa på. Næringslivet treng betre vegar, gode rammevilkår, og ein variert arbeidsmarknad med arbeid til begge. Eg høyrer ikkje noko rop om at vi treng større fylkeskommunar.

Det har vore fagre lovnader om desentralisering av makt og mynde ut i landet. Regionreforma skulle vere ei demokratireform vart det sagt. Dei oppgåvene som fylka har fått hittil handlar stort sett om ting som regjeringa ikkje vil drive med sjølv og som er viktige for distrikta. Til dømes fiskerihamner og flyruter på kortbanenettet.

No ser vi at regionreforma er i ferd med å havarere fullstendig. Både i Viken og i Troms og Finnmark kjem fylkestinga til å sende søknad om oppløysing etter stortingsvalet i 2021. Ap leiar Jonas Gahr Støre har sagt han vil imøtekome dette. Hittil har kritikarane av reforma fått rett. Lite av lovnadane i framkant av reforma er innfridde, så langt er det berre sentraliseringa vi sit att med. Då skulle ein tru at forkjemparane for regionreforma, Hestetun inkludert, heller hadde gjort ein jobb for å innfri lovnadane sine. Men, samanslåing og sentralisering ser ut til å vere den viktigaste drivkrafta, og det einaste saliggjerande.

Det vil ikkje vere noko som passar regjeringa betre enn at vestlandspolitikarane på nytt murar seg inne på eit møterom og kranglar om fordeling av fylkeskommunale funksjonar og arbeidsplassar. Då vil regjeringa få arbeidsro til å fortsette arbeidet med å sentralisere enno meir vekk frå Vestlandet. Det er uforståeleg at Ap og Hestetun tydelegvis ser det som si viktigaste oppgåve å vere regjeringa sitt fremste sendebod her på Vestlandet.