Dialog og frustrasjon i idretten i Eid

I Fjordabladet den 10.12.2019 gjev Eid Idrettsråd uttrykk for frustrasjon over mangel på dialog med det politiske nivå i Eid/Stad kommune og Fjordabladet fylgde opp kritikken på leiarplass i avisa. 

«Dei politiske partia, slik eg kjenner dei, har arbeidd målretta med valprogram for den nye kommunen gjennom møter med representantar frå alle deler av kommunane Eid/Selje der folk sine behov og ynskjer vart kartlagt», skriv Kjell Haugland i dette lesarinnlegget.   Foto: Tormod Flatebø

Meiningar

Etter mitt syn er deler av leiarartikkel og kritikken i innlegget usakleg og eg vil gje nokre kommentarar til dette. Eid/Selje fatta i felles kommunestyre 22.06. 2017 vedtak om å slå seg saman til Stad kommune. Idrettsråda i Eid og Selje burde då ha samla seg til felles råd for fremjing av idrettens prioriterte saker i nye Stad kommune.


Lesarinnlegg

- Vi ønsker dialog

 

Dei politiske partia, slik eg kjenner dei, har arbeidd målretta med valprogram for den nye kommunen gjennom møter med representantar frå alle deler av kommunane Eid/Selje der folk sine behov og ynskjer vart kartlagt. I denne prosessen har idretten vore fråverande med tanke på at alle deler av Stad kommune skulle ivaretakast.


 

Kartlegginga har medført mellom anna at alle parti, unnateke Sv og Frp, har funne det rett å ta fleirbrukshall i Selje inn i sitt valprogram. Dette har så resultert i eit budsjettframlegg med ein million kroner for prosjektering av denne hallen i 2020.

Fjordabladet sin leiarartikkel hevdar at dette er Arbeidarpartiet som har lova og at det er lite gjennomtenkt! Lokalavisa, som vel har ambisjonar om å vere ei seriøs avis for innbyggarane i Stad kommune, framstiller dette grovt usakleg. Eid idrettsråd fortel i innlegget at idretten i Selje/Eid i 2019 har jobba med å etablere Stad idrettsråd, men at rådet enno ikkje er operativt.

Eg vil hevde at i mangel på idrettsråd for Stad kommune så har dei politiske prosessane gjennom ulike møter med folk i Selje/Eid fram mot valet i haust ivareteke idrettens interesse .

Etter mitt syn er det i seinaste laget når Eid idrettsråd  gjennom e-post, ei til to veker før Stad kommune sitt budsjettvedtak, prøver å få til dialog om sine saker. Kritikken her er usakleg all den tid idretten ikkje har etablert felles råd i Stad kommune slik det  er lovpålagt (fjordabladet 13.12).

Leiaren av Eid idrettsråd gjev i same avisa uttrykk for manglande dialog med Eid kommune tilbake til 2016. Dette er sjølvsagt svært uheldig med tanke på anleggsutviklinga i Eid. Dette burde idrettsrådet hatt ein offentleg debatt om tidlegare framfor no når kommunesamanslåinga er ein realitet og budsjettarbeidet  for Stad kommune nærmast er avslutta.

Å uttrykke sakleg kritikk er positivt med tanke på god dialog. Svaret til Siri Sandvik (Fjordabladet 13.12) fører neppe til det.


Svar til Eid Idrettsråd og redaktøren i Fjordabladet

- Einsidig fokus på Nordfjordeid



Budsjett og økonomiplan for Stad kommune

Samrøystes budsjettvedtak i Stad kommune