Leiar

– Når unge ønskjer å flytte heim må ein sjå på løysingar

Fylkesmannen i Vestland klaga på Selje kommune sitt ja til bygging i strandsona i Honningsvåg på Stadlandet. No har det kome eit endeleg nei – etter at Fylkesmannen i Rogaland set foten ned.

Honningsvåg, Stadlandet: Fylkesmannen sitt nei i Honningsvåg er også ein tankevekkjar til lokalpolitikarane og planarbeidarane i kommunen.   Foto: Ingebjørg Nilsen STokkenes

Heretter må ein ha større fokus på at neste arealplan ikkje berre skal innehalde LNF-område.

Meiningar

Vi forstår godt at bygdefolket og lokalpolitikarar fortvilar. Selje kommune har ei stor utfordring med lange strandlinjer i umiddelbar nærleik. Geografi, topografi og nasjonale føringar for vern av strandsone gjer det svært vanskeleg å ta i bruk areal som kommunen har som fortrinn.

Er det verkeleg formålstenleg at ein skal praktisere like strenge vurderingar i strandsona som ved Oslofjorden eller andre tett bebygde område?

Spørsmålet er også om vi har nok strandlinje som kan takast i bruk utan at det får stor negativ konsekvens for befolkninga elles. Vi meiner dette burde gå an i Honningsvåg, ettersom det her var snakk om å byggje i eit område som allereie er bebygd.

Det vert snakka fint om levande bygder, folketalsutvikling og det å få ungdom til å flytte heim. Bygging av Strandanipatunnelen til mangfaldige millionar kroner håpte ein skulle føre til tilflytting og nybygg i Honningsvåg. Slik blir det ikkje.

Målet må vere å ha levande lokalsamfunn. Når unge ønskjer å flytte heim og byggje hus må ein sjå på løysingar. Om ikkje kjem ikkje dei unge igjen.

Fylkesmannen sitt nei i Honningsvåg er også ein tankevekkjar til lokalpolitikarane og planarbeidarane i kommunen. For Fylkesmannen peikar på at det i kommuneplanen er teke stilling til kva område som skal øyremerkast til friområde, og kva område som skal vere bustadformål og såkalla LNFR-spreidd bustad. Heretter må ein også lokalt ha større fokus på at neste arealplan ikkje berre skal innehalde LNF-område.