Leiar

– Lokale politikarar i Nordfjord må vere på hogget

Jordmødrer veks ikkje på tre. No har ein store problem med å rekruttere jordmødrer til God start-eininga ved Nordfjord sjukehus.

GOD START: Det er store problem med å rekruttere jordmødrer til Nordfjord sjukehus. Vi forventar at Helse Førde legg seg i selen når det gjeld rekruttering slik at lokalsjukehusa får dei tilboda som dei skal ha.  Foto: Anna Wuttudal

Våre politikarar i Nordfjord må vere på hogget og sjå til at tilbodet ikkje forsvinn.

Meiningar

Helse Førde opplever at det er problematisk å få tak i jordmødrer til Nordfjord.

Mange av jordmødrene som jobbar der i dag begynner å nærme seg pensjonistalder, og somme har allereie redusert stilling. Desse jordmødrene har lang erfaring, og er dei same som var der den gongen det var fødeavdeling.

Spørsmålet er om Helse Førde har lagt seg i selen nok for å få tak i jordmødrer til Nordfjord. Frå Helse Førde vert det bedyra at vanskeleg rekruttering ikkje er krise som går ut over det som er forsvarleg.

Men erfaringsmessig frå andre stadar veit vi at det på sikt kan føre til nedtrapping av eit tilbod.

I dag er det knapt nok eit gynekologitilbod ved Nordfjord sjukehus. Til tider er det berre to-fire dagar per kvartal det er poliklinikk med gynekolog frå Førde. Ein har håpt å få dette auka, men er avhengig av kva dei har av kapasitet å ofre i Førde. I dag ser det ut som at tilbodet i Nordfjord er resultatet av det som er til overs av kapasitet i Førde.

Eit framtidas lokalsjukehus, som det har vore snakka så fint om i ulike festtaler, inneber at der skal vere ein god del polikliniske tilbod på plass for nordfjordingane. Vi forventar at Helse Førde legg seg i selen når det gjeld rekruttering på ein slik måte at også lokalsjukehusa får dei tilboda som dei skal ha.

Vi har forståing for at ein skal ha fullverdig kvinneklinikk i Førde, men våre lokale politikarar i Nordfjord må vere på hogget og sjå til at tilbod ikkje blir redusert og i verste fall forsvinn.