Leiar

Ikkje bra nok om trafikkstasjonen

Trafikkstasjonen på Nordfjordeid får halde fram, men det blir utan kontrollhall. Også førarprøve MC er fjerna.

VIKTIG: Det å ha ein trafikkstasjon lokalt i Nordfjord, har vore viktig for den sterke bil- og transportbransjen som er bygd opp i Nordfjord dei siste 40 åra. No er det klart at trafikkstasjonen får halde fram, men utan kontrollhall og førarprøve MC.   Foto: Tormod Flatebø

Staten sentraliserer og flyttar kostnadar og tidsbruk over på innbyggjarar og næringsliv i distrikta.

Meiningar

Det positive er at vi er tilbake på kartet om trafikkstasjon med bemanna skrankefunksjon. Men vi er samd med ordførar Bjørlo når han konstaterer at dette ikkje er bra nok.

Ordføraren vår har tidlegare uttalt det han kallar «silotenking» i staten og statleg byråkrati på sjølvstyr.

Staten sentraliserer og flyttar kostnadar og tidsbruk over på innbyggjarar og næringsliv i distrikta.

Slik vert det også i Nordfjord. Bil- og køyretøybransjen i regionen vert ramma hardt som følgje dette.

Dei fleste aktørar som driv import og sal av tunge køyretøy i Sogn og Fjordane ligg i Nordfjord. Bransjen sjølv har stadig påpeika at reisetid for å kome til ein kontrollhall er ein vesentleg og viktig faktor for bransjen.

Då er det svært overraskande at det i rapporten som vegvesenet no legg til grunn – at hallen på Nordfjordeid er lite i bruk. Det meste av storbilkontrollane i fylket vert i dag gjort nettopp på Nordfjordeid trafikkstasjon – som er naturleg ettersom dei fleste storbilaktørane i fylket held til i Nordfjord. Det er overraskande og meiningslaust at vegvesenet konkluderer at denne hallaktiviteten skal flyttast til Førde. Dette vil gi økonomiske konsekvensar for bransjen.

Forstå det den som kan.

I valkampen valfarta sentrale og lokale politikarar til trafikkstasjonen. No må alle partia halde oppe trykket – jobben er ikkje gjort endå.